Inviterer innbyggarane til infomøte om arkeologiprosjekt

Denne veka starta arkeologar med å undersøke ruinane på kyrkjegardane i Ulstein og i Herøy. Fredag og måndag kan innbyggarane få høyre meir om prosjektet.

Georadaren registrerer detaljar i bakken ned til to-tre meters djupn. Det er som regel dette som trengs for å avdekke spor etter tidlegare menneskeleg aktivitet. På bildet: Arkeolog Kristoffer Dahle. Arkivfoto. Magnar Fjørtoft

Fylkeskommunen fekk 251.000 kroner frå Riksantikvaren til å undersøke mellomalderruinar på kyrkjegardane i Ulstein og Herøy. Onsdag gjekk arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune i gong med jobben.

Arkeolog Arve Nytun er spent på kva dei finn når dei med bruk av georadar – arkeologen sitt ekkolodd – undersøker områda.

Fortel om prosjektet

Fredag 12. april kl. 19.00 på Ulstein bibliotek vil Nytun i eit ope foredrag fortelje om prosjektet i Ulstein. Og måndag 15. april kl. 19.00 er han i Herøy kyrkje for å gjere det same om Herøy-undersøkingane.

– Eg gler meg til å fortelje om prosjektet. Hovudmålet er å få mest best mogeleg kunnskap om sjølve ruinane, kva som er att av dei, og korleis vi skal bevare dei best mogeleg for ettertida, seier Nytun. 

Veit om kyrkjeruinar

– Vi veit at det ligg restar av kyrkjeruinar både på Ulstein og i Herøy, og på 70-talet vart det gjort arkeologiske undersøkingar i delar av områda. Undersøkingane kan avdekke delar av ruinane vi ikkje har kjennskap til, og andre større strukturar. Vi kan også avdekke graver, og eventuelt andre bygningar som stod her før kyrkjene, seier Nytun. 

Meir om undersøkingane i artikkelen «Vil undersøke ruinar frå mellomalderen på Ulstein og Herøy».