Denne gjengen deler ut Ungdomsmidlar! Ungdommens fylkesråd, fv.: Sandra Hjelvik, Thanura Premakumar, nestleiar Kenni Dogbey, leiar Lisa Marie Roald, Sofie Gjervik. Bak frå vestre Marius Ringstad, Olivier Karkoszka, Birk Blindheim Ullaland, Paul Daniel Roth
Per-Kristian Bratteng
Ungdomsmidlane skal bidra til at fleire ungdommar får moglegheit til å gjennomføre aktivitetar, arrangement og prosjekt i lag med andre. Men først må dei sende ein søknad, innan 1. desember.
– Vi ønsker å støtte engasjement og aktivitet blant ungdom. Derfor håper vi at ungdom frå heile fylket søker, seier Lisa Marie Nikolaisen Roald, leiaren Ungdommens fylkesråd.
Midlane kan blant anna gå til møteplassar, arrangement, utstyr og aktivitetar som er opne for fleire ungdommar.
I vår fekk blant andre desse prosjekta støtte:
• Open ungdomskveld, ungdomsgruppa i Vartdal IL
• Samling for ungdomsråd og elevråd, Hustadvika ungdomsråd
• Innkjøp av utstyr til sosiale aktivitetar, Emblem bedehusforening ungdomsforening
– Vi veit at det er mange unge i Møre og Romsdal som er engasjerte og sit på gode idear. Vi håper derfor at dei søker om ungdomsmidlar og får moglegheita til å gjennomføre draumeprosjektet sitt, Roald.
Kven kan søke?
Ungdomsmidlane er ei støtteordning for ungdom mellom 13 og 19 år i Møre og Romsdal. Kommunale ungdomsråd og ungdomsklubbar blir prioriterte, men også andre ungdomsgrupper kan søke. Søknaden kan sendast frå fylkeskommunen si heimeside.