Jugendvindauga frå 1905 skin igjen i Kirkegata

Godt handverk og målretta tilskot har gitt nytt liv til fem originale bogevindauge frå 1905. Slik blir ein liten, men viktig del av Ålesund si jugendarv tatt vare på.
 

Fem opphavelege bogevindauge frå 1905 har fått nytt liv i fasaden på Kirkegata 5 i Ålesund. Med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturminnefondet og Stiftelsen UNI er dei blitt restaurert, og framstår no i all si prakt. 
Vindauga er ein del av det opphavelege uttrykket til bygningen frå gjenreisinga av Ålesund etter bybrannen i 1904. Slik er dei også med på å fortelje historia om den særprega jugendbyen som har gjort Ålesund kjend langt utanfor landegrensene.
– Det er gledeleg å sjå at eigarar tek vare på slike viktige detaljar. Opphavelege vindauge, dører og ornament er med på å gi bygningar og bymiljø identitet og karakter. Når desse blir restaurerte i staden for skifta ut, tar vi vare på både handverkstradisjonar, kulturhistorie og viktige verdiar i bymiljøet, seier Hilde Arna Tokle Yri, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Klar for nye 100 år

Handverkar Anders Slinning har stått for restaureringa. Vindauga vart tatt ned og frakta til verkstaden hans på Sæbø, der dei fekk grundig istandsetting før dei igjen vart monterte i fasaden i sommar.
Trass i at vindauga no er 121 år gamle, var dei i relativt god stand. Nokre råteskadar i treverket, rusta hjørnejarn og slitt kitt og måling trong utbetring. Mange av dei opphavelege hjørnejarna kunne bergast og vart behandla med kaldgalvanisering.
Resultatet er vindauge som ikkje berre ser ut som nye, men som også er rusta for framtida.
– Med rett vedlikehald kan desse vindauga halde i minst hundre år til, seier Slinning.

Tar vare på både kulturarv og energibruk

For å kombinere bevaring og moderne komfort er det sett inn innvendige vindauge med isolerglas bak dei gamle enkelglasvindauga. Løysinga tar både vare på energien og det origilae uttrykket. 
Dei restaurerte bogevindauga er eit godt eksempel på korleis bevaring av eldre bygningar kan gå hand i hand med praktiske behov og berekraftige løysingar.

Viktige detaljar forsvinn

Mange kulturhistoriske bygningar har over tid mist dei opphavelege vindauga, dørene og utsmykkingane sine. Når slike element forsvinn, mister bygningane også noko av historia og særpreget sitt.
Gjennom tilskotsordninga Prosjektstøtte til kulturmiljø og friluftsliv bidreg Møre og Romsdal fylkeskommune til at eigarar kan ta vare på verdifulle kulturmiljø over heile fylket. Huseigar søkte og fekk 40.000 kr til dette tiltaket.

Ny frist for å søke prosjektstøtte til kulturmiljø og friluftsliv er 1. november.