Kan vikingtida bli neste reiselivssatsing i Møre og Romsdal?

Kan vikingtidsarven bli ei drivkraft for vidare utvikling av reiselivet i Møre og Romsdal? Det er eitt av spørsmåla når Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer reiselivs- og kulturaktørar til samling på Åndalsnes 8. desember.

Saman med ti andre fylkeskommunar ønsker Møre og Romsdal fylkeskommune å undersøke om det er grunnlag for ei nasjonal satsing på vikingtidsarven. Men først vil fylkeskommunen ha innspel frå aktørane som leverer vikingtidsopplevingar og som vurderer å etablere noko slikt i fylket. Målet er å finne ut kva ein kan få til og korleis vikingstidarven kan utvikle opplevingsnæringa og kva ein kan oppnå, både i regionane og nasjonalt. 

Treff ei nerve

– Timinga er god. For det første nærmar det nasjonale tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad seg i 2030. For det andre ser vi at interessa for vikingtida er stor, både nasjonalt og internasjonalt. Film og TV-seriar, sosiale medium og ikkje minst Fotball VM, der norske supportarar vekker merksemd internasjonalt med roing, hjelm og tromme. viser at historia vår treff ei nerve, seier Lillian Sæther, rådgivar for reiseliv i Møre og Romsdal fylkeskommune. 
Arkeolog Arve Eiken Nytun peikar på at fylket har særlege gode utgangspunkt for å ta del i ei slik utvikling.
– Vi kan vise til svært mange kjende hendingar  og arkeologiske funn  frå vikingtida. Dette kan gi grunnlag for verdiskaping og attraktive opplevingar, på ein berekraftig måte, seier Nytun, som er medarrangør for arrangementet i Åndalsnes.

Trendar i reiselivet

Deltakarane vil få høyre korleis dei tre regionmusea arbeider med vikingtida. Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete vil presentere status, planar og visjonar for arbeidet sitt, medan 
Visit Northwest AS vil dele innsikt om trendar i reiselivet og kva dei reisande etterspør. Dei vil også orientere om samarbeidet sitt med Hareid kommune. Det vert også ein workshop, for å finne ut kva ei satsing på vikingtidsarven bør innehalde. 
Workshopen blir leia av 2469 Reiselivsutvikling i samarbeid med Arve Eiken Nytun og Lillian Sæther. 
Frist for påmelding er tysdag 1. desember, på fylkeskommunen sine nettsider.