Kjenner du nokon som fortener inkludering- og mangfaldsprisen for 2023?

Kjenner du nokon som fortener inkludering- og mangfaldsprisen? Nomineringsfrist er 1. februar.

Gruppebilete prisvinnarar saman med prisutdelarar foran folkemengde - Klikk for stort bileteStiftelsen JoinUs blei vinnar av Inkludering- og mangfaldsprisen 2023 Per-Kristian Bratteng

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i 2023 la ned ein spesiell innsats i å fremme integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Meld inn ditt forslag via skjemaet på denne lenka innan 1. februar

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som:

  •  bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket
  •  har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.

Prisen

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner. Inkludering- og mangfaldsprisen blir delt ut av fylkestinget i april.