Inkluderings- og mangfaldsprisen

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i løpet av 2025 la ned ein spesiell innsats i å fremme inkludering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som

  • bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket
  • har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion

Les heile retningslinja for Inkluderings- og mangfaldsprisen (PDF, 87 kB)

Prisen

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Inkludering- og mangfaldsprisen blir delt ut av fylkestinget i april.

Har du eit forslag?

Send oss eit innspel! Skjemaet opnar 1. oktober og da kan du sende inn namnet på din kandidat. Nominasjonsfrist er 1. februar 2026.

Send inn ditt forslag

  • Tidlegare vinnarar av prisen

    I 2020 endra kultur,- næring- og folkehelseutvalet namn på prisen frå Likestillingsprisen til Inkludering- og mangfaldsprisen.

    2024: Langset Mek
    2023: BROR Mental helse
    2022: Stiftelsen JoinUs
    2021: Ekornes
    2020: Håvard Johansen
    2019: Mayada Alfaiyad
    2018: Volda og Ørsta Pride
    2017: Torunn Haldorsen
    2016: Ikkje utdelt
    2015: Gunvor Ulstein
    2014: Jens Terje Johnsen
    2013: NHO Møre og Romsdal prosjekt Global Future
    2012: Bergljot Hjorthol
    2011: Herøyløftet
    2010: Christina Westrum Pedersen
    2009: Gudny Fagerhol
    2008: Oasen Kreative Senter Kristiansund
    2007: Norsk fjellfestival i Rauma
    2006: Øyvind Lied og Jostein Bjørndal (Merkesteinane)
    2005: Mons Sandnes
    2004: Vinterleikane for funksjonshemma i Surnadal
    2003: Aker Brattvaag AS
    2002: Eva Torill Strand, Møre og Romsdal fylkesbåtar
    2001: Kari Synnøve Gaustadnes Hoel
    2000: Dag Ohr
    1999: Sølvi Dahl (post mortem), Den Bosniske sommerskolen v/Uzeir Bukvic
    1998: Arbeidskontoret i Ulsteinvik v/ Elisabet Sundgot Overå, Bente Volder
    1997: Terri Senior
    1996: Odd Bondevik
    1995: Ingrid Slørdahl Conradi
    1994: Bodil Korshamn Rindal
    1993: Ikkje utdelt
    1992: Ingunn Nordeval