Stiftelsen JoinUs vant Inkludering- og mangfaldsprisen 2023. Her saman med Lise Hoem, tidlegare fylkesordførar, og Marit Nerås Krogsæter, dåverande leiar av kultur- og folkehelseutvalet.
Per-Kristian Bratteng
Veit du om ein person eller ei verksemd som i 2025 gjorde ein særleg innsats for å styrke integrering og mangfald i samfunns- og arbeidslivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!
Les meir om prisen og meld inn ditt forslag innan 1. februar.
Kven kan få prisen?
Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som:
- bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket
- har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.
Prisen
Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner. Inkludering- og mangfaldsprisen blir delt ut av fylkestinget i april.