Torje Johan Torvik frå Herøy er Årets lærling.
Privat
Basert på lovord og god skår på fagprøva, kåra juryen nyleg Torje som Årets lærling, i sterk konkurranse med andre dyktige kandidatar i fylket. Juryen består av Yrkesopplæringsnemnda og kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Den nyslåtte kokken syns det både er stas og ei stor ære:
- Eg er ekstremt takksam og overraska over denne utmerkinga! Det er veldig gøy å sjå resultat av arbeidet som har blitt lagt ned under læretida, seier han om kåringa.
Konkurrerte med kokkelandslaget
Torje vaks opp i Herøy og starta på kokkfaget på Herøy vidaregåande. Læretida valgte han å ta på restaurant BRO i Ålesund, sjølv om fekk fleire tilbod frå lærebedrifter frå rundt omkring i Noreg. Her utmerka han seg og vart fanga opp av det norske juniorkokkelandslaget, noko som medførte at han i vår deltok under OL. Han har vore med i programserien Lærlingkampen på TV Sunnmøre LIVE, og har fungert som instruktør og motivator på lærlingsamlingar.
Som Årets lærling vil Torje få ein pengepremie på 10 000 kroner, diplom og blomster. Tildelinga vil skje på restaurant BRO i Ålesund, der han har gjennomført læretida og i dag er fast tilsett som kokk.
Med prisen Årets lærling ønsker fylkeskommunen å synleggjere og heidre alle dei dyktige lærlingane i fylket.
Smak og konsistens
Torje blei nominert til prisen av Opplæringskontoret for hotell, restaurant- og matfag Møre og Romsdal og prøvenemnda. I følgje nemnda leverte Torje ei særleg god fagprøve, både i planlegginga og gjennomføringa.
-Alle moment i oppgåva blei levert på tid og hadde svært god utføring. Konsistensar og smak var korrekte og godt samansette. Kandidaten hadde gode refleksjonar i eigenvurderinga si. Nemnda var ikkje i tvil om at kandidaten skulle få Bestått meget godt. Vi opplever kandidaten som audmjuk, kunnskapsrik og arbeidsam.
Opplæringskontoret nemner i nomineringa si at resultatet på fagprøva haldt eit svært høgt nivå samtidig som det viser særdeles god fagkunnskap. Dei omtalar han som ein svært dedikert og profesjonell fagmann allereie, trass i ung alder og ferskt fagbrev.
- Han har vist lærevilje, vore audmjuk og som ein viktig bidragsytar for arbeidsmiljøet og fagmiljøet i lærebedrifta. Torje er ein engasjert og dyktig fagarbeidar med beina godt planta på jorda, som vil kome til å motivere mange ungdommar i Møre og Romsdal i åra som kjem.
Les meir om prisen Årets lærling.