Kommunane får hjelp til å få integrering inn i planlegginga

Korleis kan kommunane ta omsyn til innvandrarbefolkninga når dei planlegg utviklinga av kommunen? Ein rettleiar frå Møre og Romsdal fylkeskommune gir råd og hjelp i arbeidet.

Ei mørkhuda kvinne i kvit frakk gir medisin til kvinne i kvite klede. - Klikk for stort bileteEin rettleiar skal hjelpe kommunane til å planlegge for inkludering og mangfald. Tingh

Rettleiaren «Korleis ta omsyn til integrering i kommunal planlegging?» er laga for kommunane i Møre og Romsdal. No er han oppdatert med mål om å vere eit nyttig verktøy når kommunane lagar kommuneplanar, styringsdokument og kunnskapsgrunnlag. 
Rettleiaren gir råd om korleis kommunane kan ta omsyn til integrering på samfunnsområde der dette er særleg relevant. Det er vist til lovgrunnlag, fleire ressursar og kontaktpersonar i fylkeskommunen.

Rettleiaren er publisert på fylkeskommunen sine nettsider.

Ein viktig del av befolkninga

Ved inngangen til 2026 hadde Møre og Romsdal 45 679 innvandrarar. Det omfattar mellom anna arbeidsinnvandrarar, flyktningar, familiegjenforeinte, norskfødde med innvandrarforeldre og studentar frå andre land.
Til saman utgjer dei 16,7 prosent av befolkninga i fylket. Det er samtidig store forskjellar mellom kommunane. Delen varierer frå 10,2 til 25,1 prosent.
– Når ein så stor del av befolkninga har innvandrarbakgrunn, er det viktig at kommunane har med denne delen av befolkninga i kunnskapsgrunnlaget og planlegginga si. Rettleiaren skal gjere det enklare å sjå kvar og korleis ein bør ta omsyn til integrering, seier Sissel Tegelsrud Kolstad.

Skal brukast i samarbeidet med kommunane

Rettleiaren er revidert av ei tverrfagleg arbeidsgruppe i fylkeskommunen, med representantar frå samferdsel, kultur, kompetanse og næring, tannhelse og plan.
Den oppdaterte rettleiaren blir no delt med kommunane og skal også brukast av fylkeskommunen i samarbeidet med kommunane.