Kven bør få fylkeskulturprisen 2024?

Fylkeskommunen skal dele ut prisen og ønsker forslag til kandidatar.

Eit musikkorps og unge jenter som dansar går gjennom gata i Molde by. - Klikk for stort bileteI 2023 fekk Jazzlogen fylkeskulturprisen. Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å markere og takke personar eller grupper som gjer ein ekstraordinær innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal.

Ved å dele ut Fylkeskulturprisen vil vi heidre og inspirere den eller dei som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i Møre og Romsdal
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Kulturlivet omfattar også idrett, frivillige innsats og kulturarv.

Utdeling på fylkestinget

Fristen for å sende inn forslag til kandidat er 1. september.

Fylkeskulturprisen består av eit diplom og 50 000 kroner. Den blir delt ut på fylkestinget i desember.

Kjente og ukjente

Dei siste åra har Jazzlogen, Hjørundfjord kulturvernlag, forfattar Maria Parr og Fuglset mannskor fått prisen. På lista over prisvinnarar står både nasjonale kjendisar og meir lokale og regionale aktørar, alle frå Møre og Romsdal.

Sjå heile lista over kven som har fått prisen sidan den vart oppretta i 1973.

Meld inn forslag til kandidatar her.