Kven fortener Fylkesprisen Årets bedrift? Send inn forslag

Veit du om ei bedrift i Møre og Romsdal som har utmerka seg i 2024? 

Trre menn i mørke dressar og kvinne som held ein bukett. - Klikk for stort bileteI 2023 var det Hotel Union Geiranger som fekk fylkesprisen Årets bedrift. Frå venstre leiar av kompetanse- og næringsutvalet Geir Stenseth, Monja og Sindre Mjelva frå Hotel Union Geiranger, og fylkesordførar Anders Riise. Møre og Romsdal fylkeskommune

Kvart år deler Møre og Romsdal fylkeskommunen ut fylkesprisen Årets bedrift til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg i året som har gått. Prisen skal bidra til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet.

No ønsker fylkeskommunen å få inn kandidatar til prisen, innan 6. februar. Send inn forslag her.

 Kven kan få prisen?

Kandidatane kan kome frå alle bransjar innan industri, handverk, service og opplevingsnæringane, og vinnaren vil bli vurdert etter følgande kriterium:  

  • Bedriftsøkonomi
  • Rolle i regional næringsutvikling 
  • Internasjonalisering
  • Miljøprofil 
  • Organisasjon 
  • Strategi for å ta imot lærlingar

Prisen vil bli delt ut på fylkestinget i april.

I godt selskap

Desse bedriftene har fått prisen tidlegare: 

2023: Hotel Union Geiranger 

2022: MMC Frist Process, Herøy kommune

2021: Nansen Polar Expeditions, Smøla kommune

2020: Norsol AS, Tingvoll kommune

2019: Aas Mek. Verksted AS, Vestnes kommune

2018: Pipelife Norge, Surnadal kommune

2017: Volda Maskin AS, Volda kommune

2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune

2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune