Kven fortener Miljøprisen?

I fjor var det Mona Hegglund og Plastjegerne som fekk Miljøprisen. No kan du nominere den eller dei du meiner fortener prisen i år. 

To menn i dress og to kvinner i kjole held eit diplom og blomster. - Klikk for stort bileteFrå fjorårets prisutdeling: utvalsleiar Geir Stenseth, styremedlem Ingrid Roksvåg i Plastjegerne AS, dagleg leiar Mona Hegglund og fylksordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

Miljøprisen går til personar, organisasjonar eller bedrifter som har gjort ein særleg innsats for miljøet i fylket. Alle kan nominere, og fristen er 15. oktober.
Miljøprisen skal løfte fram gode eksempel på arbeid med berekraftig utvikling, klima, naturmangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Innsatsen må ha betydning for miljøet i Møre og Romsdal.
-    Det skjer mykje godt miljøarbeid rundt om i Møre og Romsdal, og vi veit at det finst mange som fortener å bli løfta fram. No håper vi folk vil hjelpe oss med å finne dei gode kandidatane til årets miljøpris, seier rådgivar Åsa Fredly i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei siste åra har prisen gått til aktørar som har rydda marint avfall, ei skulefritidsordning som arbeider med å redusere matsvinn, og ei landbruksbedrift som har utvikla eit gjødselprodukt basert på gjenbruk av eit restråstoff.

Send inn ditt forslag

Det er enkelt å nominere. Nominasjonen skal innehalde ei kort grunngiving for kvifor personen, organisasjonen eller bedrifta fortener Miljøprisen.
Skjema for nominering ligg på fylkeskommunen si nettside.
Miljøprisen består av eit kunstverk laga av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner. Prisen blir delt ut under fylkestingssamlinga i desember. 
Det er kompetanse- og næringsutvalet som er jury.
Sjå tidlegare vinnarar av Miljøprisen.