Kven skal få fylkeskulturprisen for 2025?

Fylkeskommunen skal dele ut prisen og ønsker forslag til kandidatar.

Kvinne får pris. - Klikk for stort bileteAstrid Overaa vart tildelt fylkeskulturprisen for 2024. Her under fylkestinget si samling i Molde i desember i fjor, då ho mottok prisen. Per-Kristian Bratteng

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å markere og takke personar eller grupper som gjer ein ekstraordinær innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal.

Ved å dele ut Fylkeskulturprisen vil vi heidre og inspirere den eller dei som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i Møre og Romsdal
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Kulturlivet omfattar også idrett, frivillige innsats og kulturarv.

Utdeling på fylkestinget

Fristen for å sende inn forslag til kandidat er 1. september.

Fylkeskulturprisen består av eit diplom og 50.000 kroner. Prisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Kjente og ukjente

Dei siste åra har Astrid Overaa, Jazzlogen, Hjørundfjord kulturvernlag og forfattar Maria Parr fått prisen. På lista over prisvinnarar står både nasjonale kjendisar og meir lokale og regionale aktørar, alle frå Møre og Romsdal.

Sjå heile lista over kven som har fått prisen sidan den vart oppretta i 1973.

Meld inn forslag til kandidatar her.