Lanserer nytt kurs i sosialt entreprenørskap

Har du ein idé som kan gjere ein forskjell for menneske, lokalsamfunn eller miljø? No inviterer hoppid.no til eit nytt og gratis kurs for dei som både ønsker å skape positive endringar i samfunnet og starte ei bedrift av det. 

Kvinner i blomstrete bluse med briller på hovudet - Klikk for stort bilete-Møre og Romsdal treng fleire som tør å tenke nytt, seier May-Britt Roald, leiar i hoppid.no om det nye kurset. Møre og Romsdal fylkeskommune

For første gong arrangerer gründertenesta hoppid.no kurs i sosialt entreprenørskap, i lag med Ålesund kommune. Kurset er retta mot personar som vil utvikle løysingar på samfunnsutfordringar og bygge opp ei berekraftig satsing rundt ideen. Deltakarane vil få hjelp til å utvikle ideen til eit berekraftig prosjekt, ei verksemd eller ei bedrift.
– Vi ser at stadig fleire ønsker å skape noko som gir meir enn berre økonomisk gevinst. Dette programmet er laga for nettopp desse eldsjelene og gründerane, seier May Britt Roald, leiar i hoppid.no.

Sjå moglegheiter

Sosialt entreprenørskap handlar om å sjå moglegheiter der andre ser problem. 
-Møre og Romsdal treng fleire som tør å tenke nytt, og vi ønsker å gi dei verktøya, nettverket og tryggleiken dei treng for å omsette idear til handling og varige løysingar, seier Roald.

Kurset startar opp 2. desember i Ålesund. Det går over fire veker og kombinerer fysiske samlingar digitale møte. Mellom samlingane arbeider deltakarane med forretningsideane sine og får oppfølging frå rådgivarar i hoppid.no.
Deltakarane får blant anna hjelp til å forstå behova til målgruppa dei ønsker å skape verdi for og utforske finansieringsmoglegheiter og samarbeidspartnarar.


Interesserte kan lese meir og melde seg på via hoppid.no.

hoppid.no er gründertenesta i Møre og Romsdal og eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.