Kokkelærling Irma Dolmen-Øyen i Paris.
Privat
Irma, som til dagleg er lærling ved Molde Fjordhotell, var ein av ni lærlingar frå heile fylket som i februar/mars i år var i Frankrike gjennom prosjektet «Læretid i Europa», finansiert av EU sitt utdanningsprogram Erasmus+. Ho er glad for at ho søkte, fekk ja og kunne bli med på ein tre veker lang oppleving i matkultur. Arrangør var Opplæringskontoret for hotell-, restaurant- og matfag Møre og Romsdal.
– For ein som skal lære seg faget betyr det mykje å få lov til å reise ut og sjå korleis verda eigentleg er – korleis kultur påverkar det eg jobbar med, seier Irma Dolmen-Øyen.
To veker i jobb på restaurant
Dei første to vekene var dei ni kokkelærlingane utplasserte på ulike restaurantar i Paris, og den siste var dei på besøk på forskjellige vingardar frå Champagne til Alsace for å lære meir om vin og champagne.
– Kva sit du igjen med etter opphaldet i Frankrike?
– Eg har blitt meir sjølvstendig, i alle fall. Eg føler at eg blei litt vaksnare.
Det å jobbe på ein tostjerners Michelin-restaurant var ein interessant erfaring, meiner ho:
– Eg fekk eit nytt syn på kva som er eit høgt nivå og kva ein restaurant av høg klasse eigentleg er.
Kva som var høgdepunktet, er ho ikkje mykje i tvil om:
– Det var den siste veka; noko eg hadde lyst til å oppleve var å reise og oppleve meir av Frankrike for å sjå byane og vingardane. Og ikkje minst få lære korleis vin og champagne påverker retter og mat som vi serverer seier Irma Dolmen-Øyen.
Kokkelærlingane samla framfor Triumfbuen i Paris, i lag med Gilles Famelart, samarbeidspartnar, og Maiken Røshol, rådgivar i fylkeskommunen.
Opplæringskontoret for hotell-, restaurant- og matfag Møre og Romsdal
– Var opphaldet med på å gjere deg tryggare i val av yrke?
– Ja, absolutt. Det er nok forskjellig frå person til person korleis noko slik påverkar ein, men eg fekk i alle fall ein større lidenskap for yrket, og det er veldig bra.
Internasjonalt innblikk
Det er andre gang at Jan Roger Blø, dagleg leiar for Opplæringskontoret for hotell-, restaurant- og matfag Møre og Romsdal, tar med seg lærlingar til Frankrike gjennom prosjektet «Læretid i Europa».
– Kvifor gjer du dette?
– For det første fordi det er ei oppleving for elevane som får vere med. Men eg trur óg at dei har eit stort utbytte av å skaffe seg internasjonalt innblikk i ein annan kultur og matkultur. Berre det å vere sjølvstendig i eit anna land og forhalde seg til eit anna kjøkken og ei anna verksemd, er nytt, spennande og nyttig, seier Blø.
– Internasjonal erfaring trur eg er verdifullt – både når ein skal jobbe her heime eller når ein skal ut ein gong seinare. I tillegg er det sjølvsagt ein positiv faktor med å velje faget at dei ser moglegheitene til å være med på «Læretid i Europa».
– Kva sit elevane igjen med etter eit slikt opphald?
– Eg trur dei kjenner på at dei har det veldig godt på arbeidsplassane sine i Noreg. Eg sa det nokså tidleg til dei at dei ikkje må forvente at dei skal lære seg å lage så utroleg mykje fransk mat på den korte tida, men det viktige er å få innblikk i kulturen og ein annan type kjøkken og matkultur.
Kjem næringslivet til gode
Han trur lærlingane sitt opphald ute i Europa kjem næringslivet i Møre og Romsdal til gode.
– At framtidas fagarbeidarar er ute og skaffar kompetanse og erfaring frå andre del av verden er kjempeviktig for at vi skal kunne bevege oss vidare, seier Jan Roger Blø.
– Eg trur det er viktig å sjå utanfor sin eigen vesle firkant. Vi har i åra som kjem stort behov for arbeidskraft, og det å skape nettverk i ein annan del av verda er ein faktor. Men óg å sjå korleis ting blir gjort og kva produkt som blir brukt, er med på å utvikle næringslivet vårt her i Noreg.
Opplæringskontoret for hotell-, restaurant- og matfag Møre og Romsdal har fått midlar til utveksling av lærlingar gjennom «Læretid i Europa», som blir administrert av Møre og Romsdal fylkeskommune. «Læretid i Europa» er finansiert av EU sitt utdanningsprogram Erasmus +.
Opplæringskontoret har søkt om midlar for å gjennomføre liknande prosjekt også i 2025.