Meiner systematisk arbeid med sentrumsutvikling har gitt resultat

Møre og Romsdal er eit forbilde på stadutvikling, er ei tilbakemelding frå dei nasjonale fagmiljøa som nyleg var på studietur i fylket.

Den 28. til 29. august besøkte Forum for stedsutvikling sentrum Ørsta, Sykkylven, Valldal, Åndalsnes og Molde. Forumet består av nøkkelpersonar frå departement, direktorat, Riksantikvaren og andre institusjonar. I tillegg var representantar frå andre fylkeskommunar med.

Reisefølget studerte nye torg, leikeplassar, byrom og parkar, som alle er eit resultat av samarbeidet med fylkeskommunen sitt Program for berekraftig by- og tettstadutvikling, der kommunane har fått tilgang på kompetanse og tilskot. Dei møtte representantar frå kommunane og fekk innblikk i arbeidsprosessar og korleis samarbeidet har foregått.

Kristin Omholt-Jenssen, seniorrådgivar i Kommunal- og distriktsdepartementet meiner den systematiske innsatsen ber frukter og at påtrykket frå fylkeskommunen har vore essensiell

-  Mitt inntrykk er at fylkeskommunen si langvarige og systematiske prioritering av by- og tettstadsutvikling, både fagleg og politisk, har vore avgjerande for mange av dei positive resultata som er oppnådd lokalt. Møre og Romsdal blir derfor av mange andre fylke sett på som eit forbilde for korleis en kan lykkast med stadutvikling regionalt, det er også ein viktig grunn til at vi la studieturen nettopp hit, seier Omholt-Jenssen.

Ho understrekar samtidig kor sentralt det lokale engasjementet er.

- Alle ordførarane vi møtte på studieturen ga uttrykk for at det gode, faglege samarbeidet med fylkeskommunen har betydd mykje. I tillegg har regionale tilskot til utgreiingar og konkrete by- og tettstadsprosjekt vore viktig. Men utan aktive kommunar, næringsliv og innbyggarar som ønsker å satse på staden sin, skjer det ingenting, seier Omholt Jensen.

Løft i sentrum

Sykkylven er ei av kommunane som har gitt sentrum eit ordentleg løft, og ein av stoppestadane på studieturen til forumet. Ordførar Olav Harald Ulstein i Sykkylven seier at  tilskota til prosjekt og prosjektleiing, har sikra gode prosessar og etterlengta utvikling.

- Vi håpar sjølvsagt på meir samarbeid og fylkeskommunale midlar, slik at vi kan fullføre fleire av planane som ligg føre. Tettstadprosjektet har så langt, blitt svært godt mottatt av bygdefolket. Dei melder om auka trivsel og stor optimisme, seier Ulstein.

Eit mål for både Sykkylven, dei andre kommunane i programmet og fylkeskommunen er å bidra til at tettstadane og fylket er attraktivt for både noverande og framtidige innbyggarar og har nok kompetanse og arbeidskraft. Ein raud tråd er å skape gode bumiljø, levande sentrum med kultur, handel, opplevingar og enkel kvardagslogistikk.

Samarbeid for å lukkast

Utvalsleiar for Kultur og folkehelse i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jessica Gärtner, er svært nøgd med tilbakemeldingane som fylkeskommunen fekk på studieturen, ikkje minst frå kommunane.

- Det er gledeleg å sjå arbeidet med tettstadutvikling gir så gode resultat. Vi ser også at det er viktig med eit godt samarbeid for å få fart på sentrumsarbeidet, og at fylkeskommunen er ein god lagspelar.

Les meir om Program for berekraftig by- og tettstadutvikling her.