Miljøprisen 2025: Du kan vere med og bestemme

I fjor var det Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd som blei tildelt Miljøprisen. No kan du vere med og bestemme kven som får prisen i år. 

Prismottakarane. - Klikk for stort bileteMiljøprisen 2024: Frå venstre leiar i kompetanse- og næringsutvalet Geir Stenseth, dagleg leiar Ola Fremo i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, fagleiar marin forsøpling Malin Therese Fiksdal i Sunnmøre Friluftsråd, dagleg leiar Sunnmøre Friluftsråd Anne Berit Støyva Emblem, Randi Kjærstad Hagerup (Sunnmøre Friluftsråd), Malin Giske (Sunnmøre Friluftsråd), Linda Bakken (Sunnmøre Frilftsråd) og fylkesordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

Prisen går til personar, organisasjonar eller verksemder som har gjort ein særleg innsats for miljøet i fylket. Fristen for å sende inn forslag er 15. oktober.

Miljøprisen skal løfte fram gode døme innanfor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Alle kan nominere, og innsatsen må ha tyding for miljøet i Møre og Romsdal.

Send inn ditt forslag

Nominasjonen skal innehalde ei kort grunngjeving. 

Skjema for nominering ligg på fylkeskommunen si nettside.

Miljøprisen består av eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner, og prisen blir delt ut under fylkestingssamlinga i desember. 

Det er kompetanse- og næringsutvalet som er jury.

Tidlegare vinnarar av Miljøprisen

Miljøprisen vinnarar
ÅrNamnKommune
2024Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsrådAlle
2023Hogstein AgroGiske
2022Nordic WildfishGiske
2021Gomalandet SFOKristiansund
2020Vartdal Plast ASØrsta
2019Ulrik Sandøy SørensenKristiansund
2018SødahlhusetRauma
2017Plastfritt GiskeGiske
2016Smøla Klekkeri og Settefisk ASSmøla
2015Stranda Prolog ASAverøy
2014Naturvernforbundet Møre og RomsdalTingvoll
2013Standal knuseverk ASØrsta
2012Alv Ottar FolkestadVolda
2011NORSØKTingvoll
2010Olav ByeTingvoll
2009Runde MiljøsenterHerøy