Tildelinga er ein del av den nasjonale folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse, der Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med Helsedirektoratet. Målet er å vise at det å gjere noko aktivt og meiningsfullt saman med andre, styrkar livskvalitet og den psykiske helsa. No vil fylkeskommunen støtte pilotprosjekt som spreier kunnskap om ABC og tiltak som bygger opp under satsinga.
Det kom inn 26 søknadar frå kommunar, frivilligsentralar og regionale frivillige organisasjonar som ønskte å vere med.
– Responsen var god, og vi er svært fornøgd med søknadane vi fekk. Det var utfordrande å velje ut kven som skulle få vere pilotar, men vi landa på fem gode prosjekt, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Desse pilotprosjekta får støtte
- Fjord kommune, tildelt 150 000 kr i støtte, skal jobbe med auke kompetanse og spreie kunnskap blant innbyggarane og tilsette om aktivitetar som styrker livskvaliteten og den psykisk helsa. Dei skal samarbeide med frivilligheita og næringslivet om å skape møteplassar i kommunen.
- 4H Møre og Romsdal, tildelt 50 000 kr i støtte, skal introdusere ABC til rådgivarane og styra i dei 33 klubbane, og produsere ABC-sett til klubbane og i lokalmiljøa.
- Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, tildelt 250 000 kr i støtte, skal blant anna vere ambassadørar for ABC gjennom 13 medlemskommunar og ta i bruk metodikken alle aktivitetsprosjekta dei har. Dei skal også innlemme ABC i alle informasjonsflatene dei brukar.
- NaKuHel Sunnmøre, tildelt 250 000 kr i støtte, skal ha eit ABC-pilotprosjekt i Sande og Ulstein kommune der dei vil lage eit interkommunalt ABC-nettverk og gjennomføre aktivitetar. I tillegg vil dei sette i verk eit prøveprosjekt i ‘sosial resept’ som skal følgast opp gjennom forsking.
- Nettverk for frivilligsentralane i Romsdal og Nordmøre, kor Molde kommune står som søkar, er tildelt 300 000 kr i støtte. Nettverket skal engasjere dei 15 frivilligsentralane til å etablere nye møteplassar der dei skal bruke ABC-verktøyet. Dei skal vere bindeledd mellom kommunane og frivillig sektor og jobbe med å informere om ABC for god psykisk helse.
Målgruppe for kampanjen er både innbyggarane, det offentlege og organisasjonslivet.
– Vi vil vise korleis vi kan gjennomføre helsefremmande aktivitetar i kommunane og i regionen, seier Rigmor Hustad Holen, seniorrådgivar for folkehelse og frivilligheit i fylkeskommunen.
Det blir også informert om dei tre ABC-grepa i sosiale media og andre flater, både i Møre og Romsdal og i resten av landet.
ABC for god psykisk helse bygger på eit kunnskapsbasert rammeverk utvikla ved Curtin University i Australia og blir brukt i fleire land. ABC står for Act, Belong, Commit. Omsett til nynorsk blir det å gjere noko aktivt, saman med andre og gjere noko meiningsfullt – tre enkle grep som forsking har vist at har stor betydning for livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Dette er kjernen i ABC-modellen.
Målet med ABC-kampanjen er todelt:
• At fleire skal høyre om ABC – og forstå kva som kan styrke den psykiske helsa vår
• At fleire skal gjere ABC – og ta grep i kvardagen som fremmer trivsel og meistring
Kampanjen skal bidra til at kunnskap blir til handling og at moglegheitene for helsefremmande aktivitetar blir synleggjort og styrka – både regionalt og lokalt.
Du kan lese meir om arbeidet med ABC på websida vår.