No er Trollstigen open

Mange hadde stilt seg i kø for å få køyre opp Trollstigen. 

kvinne som står med flagg i handa ved ein vegbom - Klikk for stort bileteTorunn Dyrkorn frå Visit Nordvest fekk æra av å opne Trollstigen Solgunn Langlo

Etter planen skulle vegen opne måndag 14. juli, men opninga vart framskynda då arbeidet var ferdig før tida.

– Det har vore ein utfordrande jobb i bratt og krevjande terreng, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vegen har vore stengt sidan midten av juni i fjor, etter gjentatte steinsprang.  Fredag morgon var køa lang for å få køyre opp den berømte turistvegen. 

Risikoen for steinsprang er redusert, men ikkje eliminert. Derfor vil det bli daglege inspeksjonar av vegen i høgsesongen. 

Les meir om Trollstigen på mrfylke.no

folk og bilar som står på ein veg ved ein bom - Klikk for stort bileteMange hadde møtt opp til opning av Trollstigen Solgunn Langlo