Monica Bersås og Petter Mostervik Hals skal jobbe med veglysa. Her ved nye oppsette lyspunkt ved Sylteosen.
Jan Ragnvald Eide
- Vi ser ikkje mørkt på oppgåva, men veit at det blir krevjande.
Vi møter Petter Mostervik Hals og Monica Bersås ved Moskiftet i Hustadvika kommune. Dei to skal blant anna jobbe med å få betre oversikt over veglysa langs fylkesvegane og følgje opp feil og manglar.
Etterlengta oppgradering i Hustadvika
Ved Moaskiftet er det nyleg gjort fleire oppgraderingar. I retning Sylteosen har gamle lys blitt erstatta med moderne LED-armaturar som gir betre lys og brukar langt mindre straum. Mot Elnesvågen er det valt ei enklare og rimelegare løysing med nye trestolpar og LED-armaturar. Dei nye lysa har ei forventa levetid på over 20 år, og kan bruke berre ein tredel så mykje straum som dei gamle.
Anita Strand jobbar på Bunnpris Sylteosen. Ho kan fortelje at lysa blei bra når dei først kom på plass, men skulle gjerne sett at dei kom på plass enda kjappare.
Meir jobb enn å skifte ei lyspære
Men å få lys igjen langs ei mørk vegstrekning er ikkje alltid gjort i ei handvending. Mange av anlegga er gamle, og når arbeidet først startar, kan det dukke opp nye utfordringar. Master som ser fine ut på utsida, kan vere rotne inni. Andre gonger må både kablar, fundament og heile master skiftast ut. Eit komplett nytt lyspunkt kan koste rundt 100.000 kroner, medan det kan vere langt rimelegare å berre skifte armaturen dersom resten av anlegget er i god stand.
- Det er mykje som skal på plass. Vi må prosjektere, få graveløyve og bestille utstyr. Berre leveringstida på nye armaturar kan vere mellom åtte og tjue veker, fortel Mostervik Hals.
Kapasiteten hos entreprenøren spelar også ei rolle. Dei som utfører arbeidet med veglysa, skal følge opp anlegg over heile fylket. Når fleire feil må rettast samtidig, må arbeidet planleggast og prioriterast.
Kvifor lyser veglysa midt på dagen?
Mange har nok lagt merke til veglys som står på sjølv om sola skin. Men kvifor skjer det?
- Veglysa blir styrte av eit såkalla astrour som følger soloppgang og solnedgang. Det sørger for at lysa slår seg på når sola går ned, og av igjen når ho står opp, forklarer Petter.
Astrouret har eit batteri som skal halde det i gang dersom straumen blir borte. Dersom batteriet er defekt, kan eit straumbrot føre til at klokka mistar innstillingane sine. Da kan lysa plutseleg stå på midt på dagen, eller vere slokna når det er mørkt.
Ønsker tips frå publikum
Ei anna utfordring er å finne ut kven som faktisk eig veglysa. Sjølv om dei står langs ein fylkesveg, er det ikkje nødvendigvis fylkeskommunen som har ansvaret. Nokre anlegg er eigde av kommunar, medan andre er sette opp av private.
Fylkeskommunen styrker no arbeidet med veglys og skal sjølv ta større ansvar for å prioritere utbetringane.
På nettsida vår kan publikum melde frå om veglys som ikkje fungerer, eller som lyser når dei ikkje skal.
- Vi er veldig glade for alle tips. Vi vil vite mest mogleg, seier Bersås.
Dei understrekar samtidig at ikkje alle feil kan rettast med ein gong.
-Vi må prioritere ut frå mellom anna trafikkmengde, trafikktryggleik og kor omfattande utbetringane er.
Her kan du melde frå om feil på veglys.