Ny skole- og tilbodsstruktur: Fristen for høyring nærmar seg

Fristen nærmar seg for å sende inn høyringssvar til kunnskapsgrunnlaget om ny skole- og tilbodsstruktur i Møre og Romsdal. Siste moglegheit for å kome med innspel er 1. september 2025.

Hender på eit ark. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Sveinar Kleive

Kunnskapsgrunnlaget inneheld ei omfattande utgreiing om ny vidaregåande opplæring, fordelt på tre fasar fram mot 2040. Dokumentet er ikkje ei innstilling, men eit grunnlag for vidare politisk behandling. Fylkeskommunedirektøren vil først kome med si innstilling etter at alle høyringssvar er vurderte. Denne er venta i oktober/november, før saka skal til endeleg behandling i fylkestinget i desember.

Så langt har det kome inn vel ti høyringssvar. 

Les meir og send inn høyringssvar her.

Du kan påverke

Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken oppmodar fleire til å nytte høvet til å påverke framtidas vidaregåande opplæring i fylket. Det gjer ein med å delta i høyringa:

– Når vi har fått alle innspel til høyringa, skal vi bruke tid på å vurdere dei, og starte arbeidet med å utforme den politiske saka om Ny skole- og tilbodsstruktur 2026-2040, seier Brekken.

Fylkestinget vedtok i desember 2024 å starte arbeidet med å lage eit forslag til ein ny skole- og tilbodssstruktur for vidaregåande opplæring 2026-2040.   

Delta i høyringa

Har du synspunkt, forslag eller bekymringar? Då er tida inne for å seie di meining. Alle innspel blir publiserte fortløpande på fylkeskommunen si nettside, og det er viktig å merke seg at svar ikkje kan sendast anonymt.

På nettsidene våre kan du lese meir om saka Ny skole- og tilbodsstruktur 2026-2040.

Kontaktperson:

Erik Brekken,
kompetanse- og næringsdirektør
telefon 48 13 12 91