Målet med regionale kulturfond er å støtte opp under eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet. I tillegg skal den legge til rette for samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen.
To ordningar, eitt felles mål
I Møre og Romsdal har fylkeskommunen valt å dele dei regionale kulturfonda i to ordningar: éi for kunst- og kulturutvikling, og éi for arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging. I år har begge ordningane søknadsfrist 1. oktober.
Målet er å støtte prosjekt som bidreg til eit mangfaldig og profesjonelt kulturliv, og som også treffer mindre, lokale initiativ.
Atlanterhavsspelet i Bud under framsyninga i 2018.
Monica Kjøl Tornes
– Vi ønsker å stimulere til meir samarbeid på tvers av fagfelt og geografi, og til utvikling av kunstnarlege og kulturelle uttrykk som har regional betydning, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skal supplere andre ordningar
– Vi har valt å dele fondet i to for å sikre breidde og relevans. Desse to ordningane skal supplere dei andre tilskotsordningane vi har, og vi håper dei vil treffe både etablerte aktørar og mindre, lokale prosjekt, seier Wedlog Olsen.
I februar vart det gjennomført ein workshop med representantar frå kulturfeltet og kultursjefane i kommunane. Valet om å dele fondet i to, er eit resultat av innspel frå kultursektoren sjølv. Innsikt frå tidlegare tilskotsordningar viste også at det var behov for både å støtte kunstnarleg utvikling og å styrke møteplassar og kompetansebygging.
Håpar på fast ordning
Regionale kulturfond er ei ny, statleg tilskotsordning finansiert over statsbudsjettet.
– Dersom finansieringa over statsbudsjettet held fram også i åra som kjem, vil regionale kulturfond bli blant dei faste ordningane som innbyggarane i fylket kan søke støtte frå, avsluttar Wedlog Olsen.