Regionale kulturfond: Arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer eit breitt spekter av aktørar til å søke støtte til arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging. Prosjekta skal bidra til eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket.

Den nasjonale forskrifta vart vedtatt av kultur- og likestillingsdepartementet 6. juni 2025. Dei regionale retningslinjene for ordninga vart først vedtatt av kultur- og folkehelseutvalet 18. august 2025. Dei vart sist justert i juni 2026, i sak PS 34/26.

Ramma for ordninga blir fastsett årleg. Frå og med 2026 omfattar ordninga òg øyremerka midlar frå Møremusikarordninga

Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.

Denne tilskotsordninga er finansiert over statsbudsjettet og ordninga regionale kulturfond. Formålet med desse midlane er at dei skal bidra til gode lokalsamfunn og er eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i hele landet. Tilskotmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.

Frå «Forskrift om Regionale kulturfond»

I denne ordninga kan du søke om midlar til å leie inn profesjonelle kunstnarar og utøvarar med relevant kompetanse. Du kan søke om støtte til kurs- og kompetanseheving, nettverk og kulturarrangement. Formålet er å stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet. Med denne ordninga vil vi styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv og forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit. 

Tilskotsordninga skal òg bidra til å nå måla i planverket til fylkeskommunen.  

Merk at det finnes to ulike ordningar innanfor regionale kulturfond som de kan søke. Dobbeltsjekk at du har valt riktig før du sender inn søknaden din.

Kven kan søke om støtte?

  • Arrangørar innan musikk, scenekunst, visuell kunst, kulturarv, audiovisuell produksjon, litteratur, tverrgåande prosjekter  
  • Kommunar som arrangør eller tilretteleggjar for samarbeid
  • Kunst- og kulturinstitusjonar  
  • Profesjonelle kunstnarar og kunstnarfellesskap  
  • Små verksemder innan kulturell og kreativ næring
  • Frivillige lag og foreiningar og paraplyorganisasjonar med ein tydeleg kunst-, kultur og/eller kulturmiljøprofil 

Søkar har ansvar for å planlegge, organisere og gjennomføre arrangementet. Søkar må vere registrert i Enhetsregisteret og ha si hovudverksemd i Møre og Romsdal.  

Kva kan du søke om støtte til?

1. Arrangement

Støtte for innleige av profesjonelle aktørar og utøvarar innan musikk, scenekunst, visuell kunst, kulturarv, audiovisuell produksjon, litteratur og tverrgåande prosjekter  

  1. Honorar og reisekostnader
  2. Leige av lokalar for øving, produksjon eller visning i samband med konkrete arrangement eller tiltak
  3. Logistikk, grafisk materiell og anna marknadsføring samt andre reelle kostnader knytt til gjennomføringa av arrangementet

2. Kompetanseheving

Støtte til innleie av profesjonelle utøvarar og aktørar som bidreg til kompetanseheving. Tiltaka skal bidra til å bygge opp både kunnskap og kapasitet, og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt. Dette kan for eksempel vere: kurs, seminar, workshops og instruksjon.

3. Nettverksbygging
Støtte til å skape nettverk og møteplassar innan kunst, kultur og kulturmiljø, der profesjonelle utøvarar og frivillige kulturaktørar kan møtast, dele erfaringar og samarbeide.  

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

  • Arrangørar av offentlege arrangement som skal nå eit breitt publikum
  • Kommunar som arrangør eller tilretteleggar for samarbeid
  • Kunst- og kulturinstitusjonar
  • Profesjonelle kunstnarar og kunstnarfellesskap
  • Små verksemder innan kulturell og kreativ næring*
  • Frivillige lag og foreiningar og paraplyorganisasjonar med ein tydeleg kunst-, kultur og/eller kulturmiljøprofil

Søkar har ansvar for å planlegge, organisere og gjennomføre arrangementet. Søkar må vere registrert i Enhetsregisteret og ha si hovudverksemd i Møre og Romsdal.

Dette må søknaden innehalde

Søknaden skal sendast digitalt i fylkeskommunen sitt søknadsskjema i god tid før prosjektet startar. Søknaden må også innehalde:

  • Budsjett med finansieringsplan (forventa inntekter og utgifter)
  • Fyldig omtale av prosjektet
  • Forklaring av korleis tiltaket treff prioriteringskriteria og mål i planverket
  • CV eller anna omtale som visar kunstfagleg kompetanse hos profesjonelle utøvarar som skal leigast inn 

Generelle krav som må oppfyllast

  • Ein profesjonell utøvar må ha kunstfagleg utdanning på bachelornivå eller høgare eller kunne vise til kunstfagleg realkompetanse og profesjonell verksemd.
  • Profesjonelle kunstarar og utøvarar som blir leid inn skal behandlast likt og få lønn i samsvar med bransjestandard. Eksempel på slike standardar er Norsk skuespillerforbund, Norske dansekunstnere, Dramatikerforbundet, Regiforbundet og Creo.
  • Godtgjering for reise, diett og eventuell overnatting skal skje etter Statens regulativ.

For å fremme tilgjengelegheit og inkludering oppfordrar vi alle søkarar til å bruke prinsippa om universell utforming. Da kan tiltak vere tilgjengelege for alle deltakarar uavhengig av fysiske eller kognitive føresetnadar.

Slik prioriterer vi kven som får støtte

Alle søknader blir først vurderte opp mot dei fire kriteria under. Når fleire søknader vurderast som like gode, gjer vi ei heilskapleg prioritering. Som fylkeskommune skal vi bidra til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod i heile Møre og Romsdal. Vi vil derfor leggje vekt på at tilskota samla sett gir god geografisk spreiing, mangfald i uttrykk og deltaking, og at ordninga når ulike målgrupper.

1. Relevans

Relevans opp mot utlysinga: Bidreg tiltaket til å oppfylle formålet med ordninga?

2. Effekt og verdiskaping

  • Verdiskaping: Arrangementet skal bidra verdiskaping lokalt og/eller regionalt, for eksempel ved å treffe eit breitt publikum eller nye publikumsgrupper, skape nye kulturtilbod, legge til rette for nye samarbeid eller møteplassar.  
  • Arrangement med profesjonelle kunstnarar og utøvarar som bur i fylket
  • Samspel og kvalitetsheving: Vi vil leggje særleg vekt på tiltak som styrkar samspelet mellom profesjonelle og frivillige aktørar, til dømes arrangement der amatørar opptrer saman med profesjonelle utøvarar på scena, eller der frivillige lag og organisasjonar leiger inn profesjonelle utøvarar for å heve kvaliteten på prosjektet.
  • Kommunikasjon og kompetansedeling: Kunne vise til korleis tiltaket og resultat skal bli formidla til konkrete målgrupper. Dette kan vere for eksempel kulturfeltet, næringsliv, lokalsamfunn og/eller offentlege aktørar.

3. Gjennomføring

  • Framdriftsplan: Det kjem tydeleg fram korleis tiltaket skal gjennomførast, og at tidsplanen er realistisk.
  • Budsjett: Ei realistisk oversikt over inntekter og utgifter knytt til tiltaket eller arrangementet.

4. Geografisk spreiing og mangfald – prioritering kvar runde

Som fylkeskommune skal vi medverke til eit breitt og mangfaldig lokalt kulturtilbod i heile Møre og Romsdal. Når vi prioriterer mellom søknader, legg vi derfor vekt på at tilskota blir fordelte godt utover fylket – slik at ordninga kjem til gode i både store og små lokalsamfunn. Vi ser òg på variasjon i type tiltak, arrangørar, kunst- og kulturuttrykk og målgrupper. 

Ei presisering av kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men det er ikkje ein rett. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det vi har midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet. 

Treng du ein mal, eller har du eit spørsmål? Ta ein kikk på denne sida.

Søknadsfrist

Ordninga har tre søknadsfristar i året:

  • Tysdag 15. september kl. 23.59
  • Fredag 15.januar 2027 kl.23.59
  • Fredag 1.mai 2027 kl.23.59

Vi opner for nye søknadar seinast seks veker før kvar søknadsfrist. Merk at fristen ikkje blir flytta sjølv om fristen kjem på ein søndag eller raud dag.

Send inn din søknad

Rapportering

Følg denne lenka for å komme til rapporteringsskjema.

Desse har fått tildeling og avslag før