Nyheitsbrev: Aktuelt om plan og planlegging for kommunane

Vi presenterer nye berekraftskoordinatorar, OECD-samarbeidet om sirkulærøkonomi, resultat av Klimasatsutlysinga, tilskotsordningar, kurs og mykje meir. Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommunen har sendt ut nyheitsbrev om plan til planleggarane i kommunane.

Kunnskapsarena for klima og natur i planlegginga

Miljødirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet gjennomfører i 2024 ein webinarserie spesielt retta mot planleggarar i kommunane. Her får kommunane oversikt over den viktigaste og nyaste kunnskapen ein treng for å ta omsyn til utsleppsreduksjonar, klimatilpassing og naturmangfald i planarbeidet.

For å få siste nytt om kunnskapsarenaen og oppdatert informasjon om webinara, meld deg på nyhetsbrev fra Miljødirektoratet og huk av i boksen for "Veiledning til kommuner". Del gjerne videre med andre!

 

Matjord og arealplanlegging i kommunane

Landbruks- og matminister Geir Pollestad og kommunal- og distriktsminister Erling Sande peikar på det store ansvaret kommunane har for å ta vare på matjorda. I sitt brev til kommunestyrepolitikarar vert dei minna på at mattryggleik og sikring av areal for matproduksjon har vorte høgaktuelt, særskilt med tanke på klimaendringar og krig i Europa. Les brevet frå Pollestad. På regjeringa sine nettsider kan du lese meir om jordvern.

 

Fire nye berekraftkoordinatorar i fylket

For å halde fram arbeidet i berekraftsatsinga i Møre og Romsdal, har Statsforvaltaren finansiert fire engasjementstillingar for ein 2-årsperiode. Tre av berekraftkoordinatorane starta hausten 2023, og den fjerde kjem på plass i mai 2024. Vertskommunane har noko ulik innretning på sine prosjekt, men kunnskapen skal delast på tvers i fylket.  Koordinatorane har også eit ansvar for omlandskommunane som ressurspersonar og pådrivarar.

Har du spørsmål om berekraft, ta kontakt med din lokale berekraftkoordinator: 

Ønsker du relevant informasjon om berekraftarbeid og ressursar for din kommune?

Send ein e-post til sbsu@mrfylke.no, så blir du ført opp på kontaktlista.

 

Sirkulærøkonomi – samarbeid mellom Møre og Romsdal og OECD

Møre og Romsdal er vald ut som ein av ti regionar til å samarbeide med OECD for å kartlegge status for sirkulærøkonomi i Møre og Romsdal. I januar kom ein delegasjon frå OECD til fylket for å intervjue meir enn 60 aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor. Intervjua omfatta forskjellige tema som til dømes natur og arealplanlegging, innovasjon og business. Dette vil resultere i ein aksjonsorientert rapport som er ferdig i slutten av april 2024 og som vil komme med konkrete forslag til korleis sektorane kan bidra til ei raskare grøn omstilling av samfunnet.

 

Berekraftsfredag: Berekraftsrapporter – webinar 22.mars

Kommunar og fylkeskommunar gjer opp status på eige berekraftsarbeid i ulike varianter av berekraftsrapporter. Kva slags kunnskap gir dette, og korleis bruker vi det? Dette er tema for eit webinar 22. mars. Her vil det vere innlegg blant anna frå Kristiansand kommune og Bergen kommune.

Det nasjonale berekraftsnettverket for kommunesektoren organiserer saman med KS månadlige lågterskel webinar om ulike tema, kalt Berekraftsfredag. Emna som vert tekne opp er relevante for kommunesektoren, og belyser ulike delar av brekraftarbeidet som pågår. Sendinga foregår på Teams, er open for alle, og krev inga påmelding.

 

Klimasats

Det har kome inn 30 søknadar frå Møre og Romsdal på årets Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet. Dette er ein oppgang i talet på søknader frå Møre og Romsdal (statsforvalteren.no). Sju av søknadene handlar om areal- og transportplanlegging og kan vere av interesse for andre kommunar i fylket. Sjå alle søknadane frå Møre og Romsdal på Miljødirektoratet si nettside.

 

Datoane for regional plan- og klimakonferanse er klare

Natur- og klimakrisa står framleis høgt på dagsorden når Statsforvaltaren og fylkeskommunen igjen inviterer til felles plan- og klimakonferanse, men vi vil også legge stor vekt på den sosiale dimensjonen. Konferansen vil gje fagleg påfyll om korleis kommunane kan løyse dei mange utfordringane vi står overfor og er ein viktig møteplass for samarbeid på tvers av kommunegrensene. Årets konferanse vil bli halde 1. og 2. oktober på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Påmeldinga vil bli lagt ut på våre heimesider før påske, men hald av datoane allereie no!

 

Tilskotsordning  naturrestaurering

Regjeringa styrkar satsinga på natur med ei heilt ny tilskotsordning som går under namnet «Natursats» som kommunar kan søkje på. I 2024 er det sett av til saman 53 millionar kroner til tilskot for å planlegge og gjennomføre tiltak for å vareta og betre tilstanden for naturmangfald i kommunen.

I tillegg til Natursats har regjeringa også oppretta ei tilskotsordning på ti millionar kroner for naturrestaurering. Denne kan kommunar også søke om midlar frå, i tillegg til organisasjonar og private. Meir informasjon om ordningane er å finne på Statsforvaltaren sine heimesider. Der finn du også lenke til det elektroniske søknadssenteret.

 

Lagar kart over norsk naturskog

Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å etablere eit offentlig tilgjengeleg kart over naturskog. Kartet skal være ferdig så snart som mogleg, og seinast i løpet av året.

 

Oppdatert rettleiar

Statsforvaltaren har oppdatert sin rettleiar «Leikeplassar – Statsforvaltaren sine råd i plansaker».

 

Gratis E-læringskurs i universell utforming i planlegging

Norsk kommunalteknisk forening (NKF) og Telemark Kompetanse som har utvikla eit gratis e-læringskurs på bestilling fra Kommunal- og distriktsdepartementet og Bufdir. Kurset består av sju modular og er berekna på planleggarar, politikarar, driftsansvarlege og andre i kommunen.

 

Kurs i naturbaserte løysingar for klimatilpassing

Møre og Romsdal fylkeskommune har, med støtte frå Miljødirektoratet, gjennomført ein webinarserie om naturbaserte løysingar for klimatilpassing. Webinara er relevante for alle kommunetilsette som skal planlegge, gjennomføre og drifte naturbaserte løysingar, for eksempel planleggarar, beredskap, bygg og eigedom, vatn og avløp, teknisk etat, infrastruktur etc. Opptak av webinara er tilgjengelege på nettsidene til fylkeskommunen.

 

KS Trøndelag med webinarserie om ungt utanforskap: «Det er no det gjeld»

KS Trøndelag har lansert ein ein serie med fem webinar om ungt utanforskap. Serien viser eksempel på korleis kommunar i Trøndelag jobbar med å hindre at unge hamnar i utanforskap. KS Trøndelag håper at webinara vil inspirere og stimulere til tverrsektorielt samarbeid og nyskapande utviklingsarbeid. Webinara kan også sjåast i opptak.

Kva veit vi om dei om lag 100.000 unge som står utanfor arbeid, opplæring og utdanning i Norge? Og korleis kan vi få dei kvalifisert og inn i arbeid i kommunal sektor? Du kan sjå webinar som vart arrangert 15. mars i opptak. På webinaret går ein gjennom tre forskingsrapporter om temaet.

 

Arealrekneskap for fylket

Vi minner om at fylkeskommunen har utarbeidd eit heilskapleg arealrekneskap for fylket. Målet er å vise bruk og planlagt bruk av areala i kommunane våre. Her finn du interaktivt kart og Power BI.

 

Opplæringsdag for nye planleggarar

Statsforvaltaren og fylkeskommunen inviterer til informasjonsdag for nye planleggarar i kommunane torsdag 18. april klokka 10-15 på Fylkeshuset i Molde. Meir informasjon kjem – hald av dagen!

 

Nettverket Blågrønt forum

Norsk Kommunalteknisk Forening har eit nettverk som heiter Blågrønt forum. Dette er ein tverrfagleg møteplass om overvatn og blågrøn infrastruktur i byer og tettstader. Nettverket rettar seg mot deg som jobbar med blågrøn infrastruktur og overvatn, både i kommune, fylkeskommune, næringsliv og akademia.

 

Nasjonal katalog for planføresegner

Kommunal- og distriktsdepartementet har publisert ein «Nasjonal planbestemmelseskatalog» på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet. Katalogen skal vere eit verktøy til hjelp for å utforme reguleringsføresegner når nye arealplanar skal utarbeidast.

 

Tilskott til bustadtiltak

Husbanken lyser ut tilskott som skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet, gjennom testing av nye bustadtiltak. Det skal også stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon. Målet med tilskottet er å støtte prosjekt som på ulike måtar bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden. Søknadsfristen er 1. april.

 

Temasider om vindkraft på land

På regjeringa sine heimesider er det laga nye temasider om reglar for konsesjonspliktige vindkraftanlegg på land. 1. juli 2023 tredde endringar i plan- og bygningslova og energilova i kraft. Det kan ikke gjevast konsesjon for vindkraft på land før tiltaket er planavklart etter plan- og bygningslova