Nyheitsbrev om plan - september 2024

Her kan du lese nyheitsbrev om plan for september. 

Systematisk tettstadarbeid gir resultat 

Møre og Romsdal er eit forbilde på stadutvikling, er ei tilbakemelding frå dei nasjonale fagmiljøa som nyleg var på studietur i fylket. - Mitt inntrykk er at fylkeskommunen si langvarige og systematiske prioritering av by- og tettstadsutvikling, både fagleg og politisk, har vore avgjerande for mange av dei positive resultata som er oppnådd lokalt, seier seniorrådgivar Kristin Omholt-Jenssen, seniorrådgivar i Kommunal- og distriktsdepartementet. Les meir på fylkeskommunen sine nettsider.

Planlegging og konsekvensutgreiing i sjøområde

Salt Lofoten AS, med BøeHareide som underleverandør, har på oppdrag fra Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeidd rapport for å oppdatere rettleiinga om planlegging etter plan- og bygningslova i sjø. Rapporten gir eit fagleg og erfaringsbasert grunnlag for å oppdatere rettleiinga om planlegging etter plan- og bygningslova i sjø. Les meir på Kommunal- og distriktsdepartementet sine sider.

Hjelp til klimaarbeid i kommunane

Miljødirektoratet kan tilby verktøy, støtteordninger og kunnskap til kommunane sitt klima- og naturarbeid. På nettsida deira kan du finne mellom anna oversikt over støtteordningar for klima og natur, tidlegare Klimasatsprosjekt, handbok i konsekvensutgreiing og webinar om lokalt klimaarbeid.

Samling for samfunnsplanleggarar og berekraftskoordinatorar

Statsforvaltaren inviterer til samling for samfunnsplanleggarar og berekraftkoordinatorar 19.-20.11 i Molde. Programmet er ikkje heilt klart enno, men tema for samlinga er:

  • Prosessar for medverknad
  • Målkonflikter
  • Frå plan til praksis
  • Korleis jobbe med implementering

Du kan melde deg på allereie no via lenka over.

Oppdatert rettleiar om havnivåstigning

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har oppdatert rettleiaren «Havnivåstigning og høye vannstander» (2024). Rettleiaren kjem med oppdaterte tilrådingar om korleis kommunane skal ta omsyn til havnivåstiging i planlegginga, og erstattar rettleiaren «Havnivåstigning og stormflod» frå 2016.

Kven bør få Klimasnuprisen 2024?

Kjenner du til nokon som fortener Klimasnuprisen 2024? Nokon som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i Møre og Romsdal? Fristen for å nominere er 1. oktober.  Du kan nominere her: Nominasjon til Klimasnuprisen 2024 (office.com)

Ny rettleiar om kommunane si behandling av vindkraftutbygging

Etter at det blei innført krav om områderegulering for konsesjonspliktige vindkraftanlegg 1. juli i fjor, er det behov for betre rettleiing om korleis samordninga mellom plan- og bygningslova og energilova skal skje i praksis. I august gav KDD og Energidepartementet ut ein digital ⁠rettleiar om kommunane si planlegging av konsesjonspliktige vindkraftanlegg på land. Rettleiaren skal gjere det enklare for kommunar som vurderer å regulere areal til vindkraftutbygging.

Fylkesstatistikken for 2024

Fylkesstatistikken for 2024 vil bli publisert til fylkestingssamlinga i midten av oktober.  Vi minner elles om at de finn mykje nyttig statistikk på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nytt arealrekneskap for 2024 kjem snart

Fylkeskommunen vil publisere nytt arealrekneskap med oppdaterte tal i løpet av september.  Du vil finne den nye versjonen på nettsidene til fylkeskommunen.

Frukostwebinar om tettstadutvikling

Vi minner om frukostwebinara som fylkeskommunen arrangerer denne hausten:

  • 3. oktober kl. 09:00 -10:00: Riksantikvaren sin bystrategi 
    Innlegg frå Riksantikvaren. Innleiar kjem seinare.
  • 3. desember: God arkitektur og gode bumiljø – kva må til? Norsk Arkitekturtriennale v/Christian Pagh.

 Påmelding via kalenderen på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.

Behandling av dispensasjonar i fylkeskommunen

På grunn av ressurssituasjonen har ikkje fylkeskommunen dei siste månadene samordna høyringsuttalane sine når det gjeld dispensasjonssaker (sjå brev 24.05.2024). Kommunen kan derfor få fleire svarbrev i same sak. Vi minner om at det ikkje vil bli sendt svar i alle saker. Dersom kommunane ikkje har motteke svar 2-3 dagar etter fristen, kan dei gå ut frå at fylkeskommunen ikkje har merknader. Vi har også sendt ein mal for oversendingsbrev (20.06.2024) for dispensasjonssaker. Ved å bruke denne malen, vil det hjelpe oss med å behandle sakene raskare.

Ny fylkesplanplakat

Trykkutgåva av fylkesplanplakaten ligg no på nettsidene våre. Dette er ein plakat som viser det viktigaste – nemleg måla i planen, og som er berekna til utskrift.  Fylkesplan for Møre og Romsdal 2025 – 2028 blei vedtatt i fylkestinget i juni 2024. Heng plakaten opp på veggen, så er aldri måla for vårt vakre Møre og Romsdal aldri langt unna.

Kva med plankulturen?

Distriktssenteret har utvikla ein mal for ei digital undersøking basert på prosjektet Distriktskommune 3.0, som handla om plankultur som grunnlag for strategisk utvikling i små kommunar. Undersøkinga er testa og videreutvikla i samarbeid med fleire distriktskommunar. Rettleiing for ei slik undersøking finn du på Distriktssenteret sine nettsider. 

Regional plan- og klimakonferanse

Statsforvaltaren og fylkeskommunen arranger plan- og klimakonferanse 1.-2.10 i Ålesund. Påmeldinga er stengt, men vi vil streame konferansen. Lenke vil snart bli sendt til planleggarane i kommunane.

Saksbehandlingsverktøy for planleggarar

Direktoratet for byggkvalitet, KS og planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider for å hjelpe kommunane med gode saksbehandlingsverktøy på plan (reguleringsplanar, byggesak).

Dei samarbeider med utviklarane om at verktøya skal oppfylle lovkrav og at dei skal vere brukarvennlege for kommunar, utbyggarar og innbyggarar. Eksempel er:

Seminar SSB

 Statistisk sentralbyrå tilbyr ulike kurs og seminar om ulike tema.  Alle kursa og seminara er gratis. Torsdag 26. september vert det til dømes arrangert kurs om naturrekneskap.