Ønsker forslag til kandidatar til Fylkesprisen Årets bedrift

Veit du om ei bedrift i Møre og Romsdal som har utmerka seg i året som har gått? Då ønsker Møre og Ronsdal fylkeskommune å høyre frå deg!

Fire personar framføre ei stor forsamling menneske. - Klikk for stort bileteFekk prisen "Årets bedrift 2022": Frå venstre HR-sjef Merete Alnes Mostue og finansdirektør Kristian Framstad, begge frå MMC First Process, leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter, fylkesordførar Line Hatmosø Hoem. Per-Kristian Bratteng

Fylkesprisen Årets bedrift skal motivere og inspirere næringslivet til innsats for samfunnet.

– Kandidatane kan i utgangspunktet kome frå alle bransjar innan industri, handverk og tenesteyting, som for eksempel opplevingsnæring, seier rådgivar Lillian Sæther.

– Men bedrifta må ha utmerka seg på ein eller fleire måtar. Når du sender inn forslag, ber vi om at du forklarer kvifor du meiner bedrifta fortener prisen.

Dette ser vi etter:

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknad i lokalsamfunn og region
  • Internasjonalisering
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenlege produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil
  • Strategi for å ta imot lærlingar

Frist for å sende inn forslag er 5. februar.

Prisen blir delt ut på fylkestinget i april.

Send inn forslag her