Torsdag vart dei nye lokala til fagskolen og fag- og stabsområda offisielt opna på Campus Kristiansund. Seremonien var prega av høgtid og glede, med helsingar og talar frå fylkesordførar Anders Riise, fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, rektor Helene Hanken, leiar i fagskolestyret Geir Stenseth, og studentrådsleiar Andrea Weiseth Olsen.
Fylkesordførar Anders Riise understreka i talen sin kor viktig denne samankoplinga er for regionen og heile fylket. -Dette er ikkje berre ei opning av nye lokale, men ei samankopling av Fagskolen og fylkeskommunen med resten av kunnskapsmiljøet på campus, sa Riise.
“Det handlar om vi-et"
Ein sofaprat med fem av dei som no har sin arbeidskvardag på campus, gav innsikt i deira forventningar og entusiasme for framtida. Dei trekte fram at når dei no er på Campus, har dei fått eit stort fellesskap, der det handlar om Vi-et, og at relasjonar blir skapt i lag. Her møtes studentar, forsking, privat og offentleg sektor kvarandre, utvekslar erfaring og deler kunnskap.
-Gjennom satsinga på Campus, lever fylkeskommunen verkeleg ut visjonen sin: ein tydeleg medspelar, sa Ingeborg Fagerlie Johannessen i Vindel.
Koplingsboks
Med 220 studentar, tilsette, leiarar og politikarar til stades, vart det ei fin og høgtidssam stund. I staden for tradisjonell snorklipping, vart markeringa avslutta med ei symbolsk samankopling, som understreka det sterke samarbeidet og fellesskapet på Campus Kristiansund.
Hovudmålet med Campus er å skape sterkare møteplassar mellom næringslivet, offentleg sektor, utdanningsinstitusjonar: Ein koplingsboks mellom folk, idear og kompetanse.
Etter opningsmarkeringa var det omvising i dei nye lokala til fagskolen og til fag- og stabsområda, der dei som ville kunne prøve simulatorar, sjå algelaboratoriet og kjemilaboratoriet og snakke med studentane.
Fylkeskommunen på Campus