Ørsta og Volda ballettskule får Fylkeskulturprisen for 2025

Kultur- og folkehelseutvalet har vedteke å tildele Fylkeskulturprisen 2025 til Ørsta og Volda ballettskule – ein av dei største og mest aktive ballettskulane i fylket. Skulen har i 40 år vore ei drivkraft for danseglede, fellesskap og kulturelt mangfald på Sunnmøre.

Unge ballettdansarar står oppstilt langs ein vegg, første rad står på kne. - Klikk for stort bileteØrsta og Volda ballettskule har skapt eit inkluderande og inspirerande miljø der barn og unge får utvikle seg både kunstnarisk og menneskeleg Ørsta og Volda ballettskule

Eit samstemt utval meinte ballettskulen var ein verdig vinnar av prisen.
– Med over 300 elevar og eit imponerande frivillig engasjement, har ballettskulen skapt eit inkluderande og inspirerande miljø der barn og unge får utvikle seg både kunstnarisk og menneskeleg, seier Leif Ersnes, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Skulen har tre tilsette pedagogar og fem hjelpelærarar, som også er elevar. Kvart år deltek om lag 350 barn og unge i undervisninga. Drifta er basert på eit frivillig styre og stor lokal innsats.

– Ørsta og Volda ballettskule er eit strålande døme på korleis lidenskap og lokal innsats kan byggje kultur som rører langt utover eigne grenser, seier Ersnes.

Kriteria for Fylkeskulturprisen:

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar:

  • som høyrer heime i fylket
  • som har sterk tilknyting til fylket
  • som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.
Prisen er på 50 000 kroner, og ein diplom. Prisen blir delt ut på fylkestinget i desember.
Sjå liste over tidlegare vinnarar av fylkeskulturprisen her