Frå venstre utvalsleiar Leif Ersnes, Synnøve Rekkedal Hill, Richard Hill og fylkesordførar Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng
Prisen er ei anerkjenning av skulen sitt langvarige arbeid med dans og kulturformidling i regionen.
– I ballettskulen sit ingen på reservebenken, alle er vinnarar, sa Synnøve Rekkedal Hill i takketalen etter at ho fekk prisen.
Skaper fellesskap, glede og utvikling
Det var leiar i kultur- og folkehelseutvalet, Leif Ersnes, som delte ut det synlege beviset til ballettskolen. I sin tale sa han at Ørsta og Volda Ballettskule ikkje berre er ein ballettskole, men at dei er eit fellesskap som bygger kultur, identitet og livskvalitet.
– De er eit strålande eksempel på korleis kultur kan skape fellesskap, glede og utvikling – og korleis vi saman bygger eit inkluderande og levande kulturliv i Møre og Romsdal, sa Ersnes.
Sentral aktør
Ballettskulen har sidan starten vore ein sentral aktør for å gi barn og unge høve til å utvikle seg innan klassisk ballett og moderne dans.
Fylkeskulturprisen vert delt ut årleg til personar eller institusjonar som har gjort ein særleg innsats for kulturlivet i fylket. Prisen vart overrekt av fylkesordføraren under møtet, til stor applaus frå representantane.
Prisen er eit diplom og 50.000 kroner.
På mrfylke.no sine nettsider kan du sjå lista over tidlegare vinnarar.
Sjå video med prisvinnaren
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.