Rekordmange deltakarar på kunstnartreff i Ålesund

Heile 40 kunstnarar, studentar, politikarar og andre hadde samla seg 22. oktober til ein kveld med kunstnariske innslag, presentasjonar og diskusjonar om kunstnaren sin plass i samfunnet. 

Kunstnartreffet vart arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Aggregat kunstnerfellesskap på

Janita Kvistad, Karin Augusta Nogva Trine Isaksen Muriaas

DaVinci rommet i Ålesund. 

Ein møteplass for kunstnarar i regionen

Kunstnartreffet er ein møteplass for kunstnarar på tvers av uttrykk, og skal bidra til å synleggjere kunstnarane i regionen og arbeidet dei gjer. 

Kvelden starta med kunstnarisk innslag med musikar Lena Nymark og alle vart ønska velkommen ved kultursjef i Ålesund, Oskar Skulstad.

Kunstraren si rolle i samfunnet

I år vart treffet leia av forfattar Bjørn Vatne, som og hadde eit eige innlegg om tematikken. Han åpna med å seie at han er lei av svare på kva for rolle kunstnaren har i samfunnet. Spør ein elektrikaren kva for rolle han har kanskje? Vidare stilte han spørsmål om må kunsten vere stadsutviklande, eller beredskap eller sosial berekraft? Kan den ikkje berre få vere kunst?

Han avslutta med å seie at autensitet er det folk vil ha! Når vi blir overvelda av innhald av KI, så står kunstnaren igjen som ein viktig autentisk leverandør av eit menneskeleg bodskap. 

Kunstnarstipend

Kunstnarstipenda skal bidra til at kunstnarar kan bosette seg og arbeide her i regionen, og eit tema som mange av kunstnarane snakka om, var det å vende heim igjen. Fleire snakka om usikkerheita om kva skjer med karriera om eg flyttar til Møre og Romsdal. Men det var stor einigheit om at at røtter og heimstaden er viktig å ha med seg som kunstnar, det ligg i ryggmargen. Skal man få kunstnarar hit handlar det også om å gi gode nok rammar til at ein kan framleis utvikle seg som kunstnar. Les meir om kunstnarstipend på mrfylke.no

Paneldebatt om kunst, identitet og rammevilkår

Kvelden vart avslutta med ein panelsamtale med kunstnar Karin Augusta Nogva, musikar Lena Nymark, poet Øyvind Rangøy, politikar Anne Berit Støyva Emblem frå Arbeiderpartiet og Janita Kvistad frå Rødt. Samtalen var leia av Bjørn Vatne.

Bilde av ein panlesamtale - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete