Laila Tretnes Nielsen, rådgivar og Rose Mari Skarset, seksjonsleiar informerer om nytt tilbod for ungdom mellom 16 og 24.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert eit nytt tilbod for gruppa ungdom i alderen 16 til 24 år: korte kurs som kan bidra til ein jobb eller til å velje ei utdanning fleire stadar i fylket.
-Det kan vere ulike grunnar til at ungdommen ikkje går på vidaregåande eller får seg jobb, men for mange gjer det likevel godt å ha noko å gjere. Og sjølv om kursa er korte, kan dei føre til noko anna. Etter kurset kan dei oppdatere cv-en og bruke kursbeviset til å søke ein jobb, seier Laila Tretnes Nielsen, rådgivar i fylkeskommunen.
Vil informere foreldra
Kursa starta som ein pilot i fjor, og frå deltakarane fekk dei flust med godord om kor positive dei var. Likevel opplevde OT at det var vanskeleg å rekruttere nok deltakarar. I år håper dei å få informert foreldra, slik at dei kan vere ei drahjelp og nemne tilbodet for ungdommane sine.
Nielsen meiner kursa vil hjelpe ungdommen til å bli kjent med kva moglegheiter dei har til å starte eller komme i mål med skolegang eller i arbeid.
-Det er mange fleire vegar inn i både utdanning og arbeidsmarknaden enn før, som også kan kombinerast, og det er nyttig å vite om desse. Alt håp er ikkje ute om ein sluttar på vidaregåande, det ordnar seg, seier Nielsen.
Ho nemner blant anna ordningar som praksiskandidat, realkompetansevurdering inn i vidaregåande opplæring for vaksne og fagbrev på jobb.
-Bodskapen er at kurset kan hjelpe til med å komme i gang med noko, som ein praksisplass, tilkallingsjobb eller ei vikarstilling.
Dei 45 timar lange kursa vil bli arrangert i Ulstein, Ørsta, Ålesund, Molde, Rauma og Kristiansund. Ungdom kan melde seg på kurs i Karrierekompetanse, barnehage og SFO, truckførar, butikk og sal og helsearbeid
Instruktørane på kursa er lærarar i vidaregåande skole, medan instruktørane på kurs i karrierekompetanse er karriererettleiarar i fylkeskommunen.
Deltakarane i fjor ga tilbakemelding om at dei likte å vere i lag med andre ungdomar i same situasjon, å gjennomføre personlege testar, at dei fekk noko å gå til, at kurshaldar gjorde det interessant, at det var fint å gjere noko praktisk og at kurset gjorde dei meir håpefull for framtida.
Oppfølgingstenesta (OT) er ei fylkeskommunal teneste for ungdom mellom 16 og 24 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid.
Oppfølgingstenesta har òg ansvaret for å koordinere og samordne den tverrfaglege innsatsen for desse ungdommane.
Les meir om OT på nettsida vår.