Samarbeid om å utvikle digitalt kunnskapsgrunnlag

Representantar frå utdanningssektoren og arbeidslivet hadde 15. mars ein verkstad for å gi innspel til vidareutvikling av eit digitalt kunnskapsgrunnlag om kompetansebehov i Møre og Romsdal.

Menneske ved eit bord. - Klikk for stort bileteArbeidsøkt på vekstaden på Innom i Molde. Møre og Romsdal fylkeskommune

Målet med verkstaden var å få innspel til korleis ein skal lage eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om kompetansebehovet i arbeidslivet. Totalt deltok 26 personar, mellom anna frå Høgskulen i Volda, NTNU Ålesund, Høgskolen i Molde, Fagskolen i Møre og Romsdal, Molde næringsforum, Næringsforeningen Ålesundsregionen, Molde kommune, Nav, Astero, Ungt Entreprenørskap, LO, NHO og Statsforvaltaren. 

Klar ambisjon

Fylkesstrategi for kompetanse 2024-2027 har ein klar ambisjon om å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget i samarbeid med aktørar frå arbeidslivet og utdanningssektoren.

Den første utgåva av kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehovet i Møre og Romsdal er allereie lansert. 

To kvinner og tre menn. - Klikk for stort bileteFrå venstre Geir Arne Svenning, Thea B. Brevik, Anne-Lise Sagen Major, Ole Frank Bakken og Mark Pasquine. Møre og Romsdal fylkeskommune

Blant deltakarane på verkstaden var Anne-Lise Sagen Major, viserektor NTNU Ålesund:

– Verkstaden er eit bra eksempel på det regionale samarbeidet vi treng meir av, seier Sagen Major. 

Også Thea Beate Brevik, viserektor for utdanning ved Høgskolen i Molde, deltok: – Universitet- og høgskolesektoren og andre samarbeidspartar må vere saman om dimensjonering av tilbod og sjå heilskapleg på tilbod om utdanning i fylket, seier Brevik.

Internasjonalt samarbeid

– Det er viktig å samarbeide både regionalt og internasjonalt for å sikre nok og riktig kompetanse til arbeidslivet i åra framover, fastslår rådgivar Øyvind Tveten i Møre og Romsdal fylkeskommune. På verkstaden deltok «University of Limerick» frå Irland, som er med som ekspertpartnar i EU-prosjektet PROACTsme

Det irske universitetet skal bidra med kunnskap om korleis vi kan samle inn, analysere og visualisere kunnskap om kompetansebehovet i arbeidslivet. 

Prosjektperioden for PROACTsme er frå 2023 til 2027. Totalbudsjettet er på 1,5 millionar euro. Møre og Romsdal fylkeskommune sitt budsjett er på 295.604 euro, der halvparten (147.802 euro) blir dekt gjennom EU-programmet Interreg Europe.

Arbeidslivet ønsker å bidra

To kvinner.  - Klikk for stort bileteTrine Hofseth Helgå (til venstre) frå Næringsforeningen i Ålesundsregionen og Britt Flo frå Molde næringsforum. Møre og Romsdal fylkeskommune

Britt Flo frå Molde næringsforum og Trine Hofseth Helgå frå Næringsforeningen i Ålesundsregionen var deltakarar på verkstaden. 

– Fylkeskommunen har ei sentral rolle med at dei dimensjonerer tilbod innanfor vidaregåande opplæring. Det er derfor viktig at dei løftar fokuset på korleis vi kan samarbeide om å få betre innsikt i kompetansebehovet i arbeidslivet, seier Britt Flo. 

– Næringsforuma ønsker å bidra, både med kunnskap om behova i næringslivet, men vi kan også bidra med å dele kunnskap gjennom våre møteplassar og vår digitale kommunikasjon, seier Trine Hofseth Helgå.  

Vegen vidare

Øyvind Tveten er godt nøgd med innspela dei fekk på verkstaden.

– Det kanskje mest gledelege er at aktørane som deltok ønsker å bidra inn i det vidare arbeidet, seier han. 

Fylkeskommunen ønsker å jobbe vidare med kunnskapsgrunnlaget, både med aktørane som var til stades 15. mars og andre aktørar frå fylket.