Seier ja til å utgreie besøksbidrag og bompengeprosjekt i Trollstigen

Eit fleirtal i fylkestinget seier ja til å jobbe vidare med besøksbidrag og å starte førehandsvurdering av eit mogleg bompengeprosjekt i Trollstigen.

Trollstigen - Klikk for stort bileteTrollstigen. Kai Bedringås

Saka om brukarfinansiering var til behandling i fylkestinget måndag. 

Tidlegare i år fekk fylkeskommunedirektøren fullmakt av fylkesutvalet til å arbeide vidare med etablering av ei ordning med besøksbidrag/bompengar for finansiering av drift, rassikring og andre infrastrukturtiltak i Trollstigen. I vedtaket frå utvalet står det at «Formålet med denne saken er å avklare moglege vegar vidare med å etablere brukarfinansiering av tiltak for å utvikle og sikre ein trygg og god oppleving for besøkande i Trollstigen. Saka omhandlar både besøksbidrag og bompengar.»

I saksframlegget til fylkestinget skisserer fylkeskommunedirektøren vegen vidare, og tilrådinga vart vedtatt. Fylkestinget vedtok følgande:

1.     Fylkestinget sluttar seg til vidare utgreiing om brukarfinansiering av tiltak for å utvikle og sikre ein trygg og god oppleving for besøkande i Trollstigen.  

2.     Fylkestinget ber administrasjonen sette i gang førehandsvurdering av eit mogleg bompengeprosjekt i Trollstigen so snart løysing for varig utbetring av Trollstigen er klar. 

3.     Fylkestinget ber fylkesordføraren ta kontakt med næringsministeren for å få Trollstigen inn som pilot for ei ordning med besøksbidrag. 

Les også: Tilrår utgreiing av besøksbidrag og bompengeprosjekt i Trollstigen

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkestinget 14.-15. oktober 2024