Hans-Christian Haugen og Christine Young Kolvik.
Rewaste
Midlane er løyvd frå Skaparkraft-programmet, der grøne industrielle løft er eit av satsingsområda.
Blant dei som får midlar, er Rewaste AS i Ålesund, ein lokal nyskapande renovasjons- og kjemiaktør som har utspring frå Slamsug AS. Rewaste AS vil ta i mot sand, slam og vatn frå bedrifter, og bruke det på nytt. Dei får 635.000 kr i støtte frå fylkeskommunen.
– Vi er svært glade for at prosjektet vårt fekk støtte, og vi gler oss til å kome i gang, seier Hans-Christian Haugen og Christine Young Kolvik, i Rewaste, som leier prosjektet i lag med ÅKP.
Desse fekk tilskot frå Skaparkraft-programmet:
Søkar | Prosjekt | Tilskot |
---|
Rewaste AS | Slam, ein uutnytta ressurs? Vann, sand, og slam gjennom industriell symbiose og framtida | 636.500 |
Ikuben AS | Industriell symbiose - sirkulær hub Hustadvika | 700.000 |
Hyperthermics AS | CO2-fangst og algeproduksjon | 1.000.000 |
Tjeldergodden Utvikling AS | Grønn HUB Tjeldbergodden | 1.000.000 |
Blue Legasea AS | Gjøsund Hamn – nasjonal hub for landing og foredling av marint restråstoff | 590.000 |
ÅKP AS | OASIS-Offshore Accelerator for System Integration and Storage | 750.000 |
- Skaparkraft er fylket si tiårige satsing på berekraftig eksport. Tilskotsordninga er delt opp i fire delprogram: Grøne industrielle løft, smart teknologi, fornybar energi og kompetanse i og for næringslivet.
- Programmet går frå 2022 til 2032 og er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Les meir om Skaparkraft på fylkeskommunen sine nettsider.
I juni 2024 vart Grønt Industriløft Møre og Romsdal lansert. Det strategiske samarbeidsprosjektet er leia av Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune, og er ein del av Skaparkraft-programmet. Satsinga har som mål å styrke grøne og sirkulære prosjekt med stort vekst- og skaleringspotensial, vere ein katalysator for framvekst av grøne verdikjeder på tvers av sektorar, og akselerere den grøne omstillinga i næringslivet i Møre og Romsdal.
Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet 5. desember