Ser på nye utdanningstilbod på Campus Kristiansund

Fredag var NTNU sitt Institutt for Design, Fakultet for Arkitektur og design på besøk på Campus Kristiansund for å diskutere potensialet for fleksible utdanningar.

Gruppe folk ved Campus. - Klikk for stort bileteBak frå venstre Siv Iren Stormo Andersson, kommunalsjef helse og omsorg Kristiansund kommune, Finn Robert Verlo, rådgjevar Helseinnovasjonssenteret, Geir Dagfinn Sylte, adm. dir. Helseinnovasjonssenteret, Roland Mauseth, dagleg leiar Campus Kristiansund Drift AS og Steinar Kristoffersen, prosjektleiar for nye utdanningar ved Campus Kristiansund i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foran frå venstre: Trude J. Arntsen, innovasjonsleiar Institutt for design, NTNU og Emil Bakke, stedleg leiar Institutt for design Gjøvik, NTNU, Ole Jonny Rugset, dagleg leiar Kristiansund og Nordmøre Næringsforening, Jøran Gården, dagleg leiar Høgskolesenteret. Odd Sigbjørn Tvestad / Møre og Romsdal fylkeskommune

Der møtte dei representantar frå lokalt arbeidsliv og fekk høyre både om behov og om lokale ressursar dei kan samarbeide med.

Møtet er initiert av, og er ein del av det treårige fylkeskommunale prosjektet for å stimulere til nye utdanningar på Campus Kristiansund. På Campus har ein akkurat starta prøvedrift, og allereie i førre veke var dei første samlingsbaserte studentane på plass på Campus.

– No ser ein godt potensiale for å auke tilbodet ytterlegare, seier prosjektleiar Steinar Kristoffersen.  Behovet i regionen er stort, og Campus Kristiansund kan vere vertskap for samlingsbaserte tilbod frå NTNU og andre, slik at tilboda når ut til fleire.

– Godt rusta

– Vi er no godt rusta til å lage ein lokal infrastruktur for slike utdanningar og gjere dei meir tilgjengelege, samtidig som vi legg til rette for best mogeleg gjennomstrøyming, seier Kristoffersen. Han viser mellom anna til at Høgskolesenteret i Kristiansund i dag har ei tilretteleggar-rolle her.

– Det er stor interesse frå lokale aktørar for å vere med og tenke nytt om samarbeid med høgskole og universitet, og framleis stort potensiale for vekst, seier han vidare.

Representantane frå NTNU var imponert over den nye campusen og det samarbeidet som er bygd opp mellom offentlege og private aktørar her. Dei treng eit lokalt vertskap for å fasilitere samlingar, rekruttering og oppfølging av studentane, og samarbeid med verksemder som treng kompetansen. Med seg hadde dei ei verktøykasse av ulike tilbod som kan tilpassast den lokale marknaden.

– NTNU ser moglegheitene

– Vi opplever at NTNU ser moglegheitene som Campus Kristiansund gir for økt volum og direkte koplingar til arbeidslivet, og timinga er perfekt med etablering av Campus Kristiansund som felles økosystem for utdanning, forsking og innovasjon, seier Roland Mauseth, leiar for fylkeskommunen sitt prosjekt for Campus-etableringa og dagleg leiar for Campus Kristiansund Drift.  

Campus Kristiansund samlar høgskolar, fagskole, offentlege aktørar og private verksemder på ein stad, for å etablere eit langsiktig samarbeid om kompetanseutvikling og innovasjon. Målet er å styrke kompetanse, rekruttering og konkurransekraft i arbeids- og næringslivet, og bidra til å skape eit innovativt utviklingsmiljø for heile regionen. Campus opnar gradvis fram mot haustferien, og formell opning er i veke 45.

 – Campusetableringa gir fleire moglegheiter for alle, påpeiker Steinar Kristoffersen.

– Vi ser allereie korleis prøveopninga frå september har auka interessa for å vere ein del av dette miljøet, og at vi kan skape noko verkeleg attraktivt her, som gir verdi for alle partar, seier Mauseth.