Skaparkraft er eit konkret verktøy for å realisere rolla som samfunnsutviklar

Fylkestinget sitt initiativ til Skaparkraft i 2020 har gitt grobotn for nye forretningsområde i ei tid med store og naudsynte strukturelle endringar.

Det skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget for saka «Skaparkraft – årsrapport 2023». Politikarane får årsrapporten som sak, først i kompetanse og næringsutvalet fredag 15. mars, og deretter i fylkesutvalet 8. april og fylkestinget 22.-24. april. 

I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at omstillingsbehovet i næringslivet er stort: «Krav frå myndigheiter og marknader om berekraftige løysingar og verdikjeder, gjer at vi må utvikle nye produkt og tenester og finne nye måtar å produsere på. Bedriftene si evne til å utvikle og bruke avansert teknologi og fornybare energikjelder vil ha stor innverknad på konkurransekrafta og moglegheit for vekst i åra som kjem.»

Fylkeskommunedirektøren meiner den strategiske satsinga underbygger fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar: «Gjennom dette programmet har fylkeskommunen ein unik moglegheit til å stimulere til innovasjon, entreprenørskap og berekraftig vekst i regionen», går det fram av saksframlegget.

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet fredag 15. mars 2024