Med betre kunnskap som bekkane, kan det settast inn tiltak for å betre miljøa for sjøaauren.
Åsa Fredly
Møre og Romsdal fylkeskommune vil støtte gjennomføring av analyser, habitatkartlegging, og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure i fylket
-Formålet er å samle kunnskap om korleis det står til med fisken, for å sjå kvar vi kan sette inn tiltak som vil gi betre miljø i bekkane, seier Åsa Fredly, rådgivar i fylkeskommunen.
Kommunar, vassområdeutval, organisasjonar, grunneigarlag eller elveeigarlag kan søke om støtte.
- Kjenner du som privatperson til ein sjøaurebekk, kan du kontakte nokre av dei nemnte aktørane for å søke støtte gjennom ordninga, seier Fredly.
Bakgrunn for tilskotsordninga er dette:
- Møre og Romsdal er fylket det står dårlegast til for sjøauren, der berre tre prosent av dei totalt 209 undersøkte vassdraga er i god eller svært god tilstand i følge Vitenskapelig råd for lakseforvaltning. Årsaken er mellom anna ulik næringsaktivitet, som landbruk, vasskraft, arealinngrep og vegbygging.
- Ingen av dei undersøkte elvane på Sunnmøre fekk god tilstand. I Romsdal og på Nordmøre var det berre fire og to elver som fekk god tilstand.
Dei som gjennomfører analyser, habitatskartlegging eller lagar tiltaksplanar, kan seinare søke om støtte til tiltak for å forbete miljøa for fisken.
I fjor gjennomførte fylkeskommunen kurs for å auke kunnskapen om korleis ein legg til rette for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren. Det er planar om å gjennomføre eit nytt tilsvarande kurs saman med Statsforvaltaren i fylket også i år.
Fristen for å søke om støtte er 15. april.
Les meir om ordninga og send inn søknad her.