Søk ungdomsmidlar - til aktivitetar for ungdom

Ønsker du å skape aktivitet for ungdom? Treng du utstyr til eit ungdomsarrangement? Frå 1. november kan du søke om ungdomsmidlar.

Ein gjeng ungomar kledd i blå hettegenser står oppstilt framfor eit hus. - Klikk for stort bileteØnsker du å skape aktivitetar for ungdom? Ungdommens fylkesråd tildeler ungdomsmidlar. Jan Ragnvald Eide

Ungdommens fylkesråd deler kvart år ut 250 000 kroner til ungdomsaktivitetar i heile fylket. Tilskotet går til tiltak som skaper engasjement, og målgruppa er ungdom mellom 13 og 19 år som ikkje mottar anna støtte frå fylkeskommunen.

Midlane blir delt ut to gonger i året, med 125 000 kroner i desember og 125 000 kroner i april.

Kva for tiltak kan få tilskot?

Tiltaka som kan få støtte skal samle ungdom og vere ope for fleire. Ein kan for eksempel søke om pengar til ulike arrangement eller til utstyr ein treng for å skape aktivitet.

Kven kan søke:

Ungdom og vaksne

Kvar kan du søke?

Send inn søknad på fylkeskommunen si nettside. Søknadskjema er ope frå 1. november.

Varierte aktivitetar for ungdom

Ungdommens fylkesråd ønsker å dele ut ungdomsmidlar for støtte initiativ som kjem frå ungdom og for å sikre at det er varierte aktivitetar for ungdom i fylket.
Søknadsperioden i haust er fram til 1. desember. 

Desse er med i Ungdommens fylkesråd

Iver Aarebrot, (leiar), Lisa Marie Nikolaisen Roald, (nestleiar), Ida Fjerstad, Kasper Dalhaug, Linda Mordal, Olivier Karkoszka, Paul Daniel Roth, Sandra Hjelvik, Thanura Premakumar


Varamedlemmar: Anders Krogset, Kenni Dogbey, Leni Blank, Marius Ringstad, Sara Hasselø Berg