Tok i mot prisen for Årets lærling

Stor stas da prisen for årets lærling blei delt ut under årsmøtet til Transportbransjens Opplæringskontor for Møre & Romsdal.

Ung kvinne og mann med diplomar og blomsterkvastar - Klikk for stort bileteAnniken Haukeberg og Frode Gustad mottek pris for årets lærling Jan Ragnvald Eide

Det var kjent at det var Anniken Haukeberg frå Skodje som blei kåra til Årets lærling, men no har ho altså fått det synlege beviset for det. Med denne prisen ønsker Møre og Romsdal å synleggjere og heidre alle dei dyktige lærlingane i fylket.

Mykje folk var samla på hotell Alexandra til årsmøtet og det vanka gode ord til både prisvinnar og firmaet ho var lærling i.

«Vi sett stor pris på at ein av våre blir årets lærling, vi skjønner godt grunngjevinga til juryen. Det er veldig stas for oss også som bedrift å få være med å få denne prisen», sa Frode Gustad frå SR Group, Kristiansund.

Haukeberg er nyutdanna yrkessjåfør og hadde læretida si i Kristiansundsbedrifta SR Group etter å ha tatt på Fagerlia – Ålesund VGS. Ho har tidlegare sagt dette om å få prisen:

«Eg er veldig takksam for at eg har hatt ei så fin bedrift som SR Group, og gode støttespelarar rundt meg som har gjort lærlingtida til den finaste og mest lærerike perioden i livet mitt.»