Ungdom kan søke støtte til spennande prosjekt og aktivitetar

Har du ein god idé til aktivitet for ungdom? No kan du søke om tilskot frå ungdomsmidlane.

Bildet viser ein gjeng med ungdommar. - Klikk for stort bileteFaste medlemmer i nye ungdomspanelet 2022-2024: Frå venstre Nikola Bileska, Averøy, Tuva Johanne Rypdal Hovden, Vestnes, Mads Ødegaard Harstad, Kristiansund, Kristine Dimmen, Sula, Ola Fredriksen Orset, Gjemnes, nestleiar Vilde Solbakken Kvalvik, Kristiansund, leiar Niels Adon Leender, Ulstein, Rikke Frilund, Rauma, og Kasper Dalhaug,Volda. Magne Fjørtoft

Kvart år deler Ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut 250.000 kr til ulike prosjekt for ungdom rundt om i fylke. Søknadsfristen for denne runden er 1. april.

- Vi ønsker å støtte engasjementet og aktivitet blant ungdom i fylket. Det er formålet med tilskotet, seier Niels Adon Leenders, fungerande leiar av Ungdomspanelet.

Kva kan du søke støtte til?

For å få støtte, må du sende ein søknad frå fylkeskommunen si nettside, beskrive kva du søker om og fortelje kva det vil koste. Det kan søkast om støtte til utstyr eller til arrangement. Både ungdommar og dei som jobbar med ungdommar kan søke.

I sist runde, i desember, delte ungdomspanelet ut midlar til mellom anna ungdomsklubbar, felles skitur for ungdomane i kommunen, innkjøp av utstyr til talkshow og podcast og aktivitetsdagar på skule og ungdomsklubbar.

- Vi veit at det er mange unge i Møre og Romsdal som er engasjerte og sit på mange gode idear. Vi håper derfor at dei søker på ungdomsmidlane og får ei moglegheit til å gjennomføre draumeprosjekt sitt, seier Leenders.

Prosjekta som får støtte skal samle ungdom, gi positiv effekt over tid, og skal vere ope for fleire. 

Kven gjer ungdomspanelet?

Det er ungdomspanelet, Møre og Romsdal sitt politiske organ for ungdom, som deler ut ungdomsmidlane, i april og desember, kvar år. 

Ungdomspanelet har i tillegg desse oppgåvene: 

  • tildeler ungdomsmidlane
  • bidrar til at ungdom i Møre og Romsdal får reell medverknad,
  • påverker politiske saker i fylkeskommunen
  • skal auke samfunnsengasjementet til ungdom
  • bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
  • vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom. 

 

Panelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker å fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.

Her kan du sende inn søknad