Vellukka kurs og nettverksbygging i tradisjonshandverk

Skal vi restaurere gamle bygg og båtar er det heilt naudsynt med rett kunnskap og riktige verktøy.

Kursdeltakarar står samla rundt kurshaldar i verkstadlokale - Klikk for stort bileteFrå kurset i tradisjonshandverk på Romsdalsmuseet 2024 Jan Ragnvald Eide

I verkstaden på Krona på Romsdalsmuseet står 15-20 personar i ein ring i djup konsentrasjon. I sentrum står ein mann med ruta skjorte og caps ein trebit i den eine handa. I den andre har han ein skarp egg. Med rolege bevegelsar og instruksjonar visar han korleis han set dei samen og lagar ein eigen høvel. 

Mannen alle følger med på er Roald Renmælmo, han er ein nestor i miljøet og arbeidar blant anna ved NTNU si utdanning i tradisjonelt bygghandverk. Han reiser mykje rundt på slike kurs og kan fortelje at interessa er aukande:

- Det er en interessert og nysgjerrig gjeng som er her. Det er mykje å lære seg for nesten heile snekkerfaget ligg i ei slik høvel. Men vi hjelp kvarandre og då går det fint.»

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som saman med Nordmørsmusea og Romsdalsmuseet som står bak arrangementet. Skal ein jobbe med gamle hus og gamle båtar er det naudsynt å ha denne kunnskapen. 

Alt blir gjort med handmakt

Med mange store maskiner i lokalet skulle ein tru det var mykje bråk, men støyen er fråverande.  I staden er det lukta av spon og lyden av manuelt, konsentrert arbeid som pregar lokalet. 

– Du ser at i verkstaden her er det mange maskiner, men ikkje ei av dei er starta opp
Sitatet tilhøyrer Øyvind Vestad. Han er museumshandverkar på Romsdalsmuseet og den som har koordinert samlinga. Han fortel om ein nøye gjennomtenkt prosess. 

– Vi har hatt store bjørkeplankar som vi har skore med handsag og som vi har høvla til et emne som vi bruker til å lage nye høvlar med. Alt er gjort med høvel, hoggjarn og handsag.

No kan du søke utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Fylkeskommunen lyser ut to stipend på 50 000 kroner til enkeltpersonar som ønsker å heve kompetansen sin om tradisjonshandverk som du kan søke på. 

Sjå fleire bilete frå kurset her