Oversikt over ordningane våre
Her finn du ei oversikt over alle tilskot du kan søke frå fylkeskommunen. Bruk dei ulike vala til venstre, så kan du enkelt sortere og søke på det som er mest relevant for deg.
Treng du ein mal?
Er du litt usikker på korleis du skal sette opp nokre av dokumenta vi spør om? Her kan du finne malar som du kan ta utgangspunkt i til søknaden din. Når du klikkar på dei, lastast dei ned på enheten din.
Vil du sjå på ein søknad du har sendt inn?
Sida du logga inn med BankID da du leverte søknaden, ligg søknaden lagra på profilen din. Følg denne lenka for å komme til portalen kor du sende inn søknaden din. Når du har logga inn, kan du finne både påbegynte og fullførte skjema inne på sida “Mine skjema”.
Skal du levere rapportering?
Er prosjektet ditt ferdig? Nærmer rapporteringsfristen seg? Som hovudregel skal du levere rapportering eit år etter at du fekk tildelinga. Datoen for tildelinga finn du i tildelingsbrevet ditt.
Følg denne lenka for å komme til rapporteringskjema
Ønsker du å levere ei klage?
På kulturtilskota er det klagerett, med nokre unntak. Det står nedst i tildelingsbrevet ditt om du har klagerett eller ikkje. Ei klage innan tre veker frå den datoen du fekk brevet.
Klaga vil bli behandla av instansen som har gjort vedtaket, som vil gjere ei ny vurdering i saka. Dersom ikkje vedtaket blir omgjort, blir klaga oversendt fylkeskommunen si klagenemnd for behandling. Det må påreknast noko saksbehandlingstid.
Klaga og eventuell ny dokumentasjon skal sendast digitalt via e-Dialog, som du finn via denne lenka.
Har du forslag til andre ressursar som burde vere her?
Send oss gjerne ein e-post!