Møre og Romsdal vassregion består av fem vassområde; Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Dei største vassdraga er Driva, Rauma, Surna og Eira/Aura. Totalt har regionen 2452 vassførekomstar.
Tilstanden i Møre og Romsdal vassregion
Om lag 700 (21 % ) av vassførekomstane i regionen oppnår ikkje god miljøtilstand. Hovudutfordringane for vassmiljøet er miljøgifter, avløp, akvakultur, Gyrodactylus salaris, flaumsikring/andre fysiske inngrep, landbruk og vassdragsreguleringar. I den regionale vassforvaltningsplanen er det set miljømål for alt vatn, både i elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Desse måla dannar grunnlaget for tiltak for å betre tilstanden.
Les meir om Møre og Romsdal vassregion i Vannportalen
Søk støtte til vassmiljøtiltak
Prioriteringar i planperioden
Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort vedtak om å prioritere
- Vassdrag med laks og sjøaure
- Miljøgift og forureina sjøbotn
- Landbruk og avløp
- Plastforsøpling i kyst og vassdrag
- Prioritering av minstevassføring i Svorka/Bævra, Toåa og Skallelva/Oppdølselva gjennom vilkårsrevisjon
- Prioritering av tiltaksoppfølging i Aura/Eira, Surna og Mørevassdraget
Tilstand og tiltak for sjøaure
Sjøauren har hatt ein tilbakegang i fylket i ein lengre periode. Prosjektet «Mange bekkar små» arbeider for å betre tilhøva for sjøauren.
Her kan du lese om prosjektet