Søke læreplass

Når du skal søke om læreplass, er det visse ting du må hugse på. Følg stega under.

  1. Registrer ønsket ditt i Vigo
  2. Send søknad og CV
  3. Følg opp søknadene dine
  4. Intervju

1. Registrer ønsket ditt i Vigo

Du må registrere læreplassønsket på vigo.no.

Les meir om korleis du søker om læreplass på vilbli.no

2. Send søknad og CV

Sjølv om du har registrert lærefagønsket ditt i Vigo, må du likevel sende søknad og CV til lærebedrifter og opplæringskontor der du ønsker læreplass. Du kan sjekke stillingsutlysningar, og spørre om nokon kjenner til bedrifter som ønsker lærling. Kanskje bedrifta der du var utplassert i faget Yrkesfagleg fordjuping treng ein lærling, om ikkje så kan du spørre om du kan bruke bedrifta som referanse.

Oversikt over godkjente lærebedrifter og opplæringskontor

3. Følg opp søknadene dine

Det er viktig at du svarar på alle henvendingar frå bedrifter og fylkeskommunen. Følg også opp søknadene du har sendt. Det er bedriftene som tilsett lærlinger og lærekandidatar og bestemmer sjølv kven dei vil tilby læreplass.

4. Intervju

Det er viktig at du er godt førebudd til intervjuet. 

Når får du svar?

Ver aktiv og vis at du har lyst på jobben. Om du ikkje høyrer frå bedrifta innan 1-2 veker etter intervjuet kan du ta kontakt og etterlyse svar.

Les meir om heile søkeprosessen 

Har ikkje bedrifta hatt lærling før?

Be bedrifta ta kontakt med fylkeskommunen for å søke om å bli godkjent som lærebedrift. 

Les meir om å bli godkjent som lærebedrift

Les meir om prosessen frå elev til lærling (PDF, 791 kB)

Les meir om prosessen frå elev til lærekandidat (PDF, 363 kB)