Kunstig intelligens i skolen

6 Korleis kan lærarane bruke KI?

Lærarane kan også bruka prateroboten til arbeidet sitt både for å spare tid og til å bli inspirert i arbeidet med å førebu undervisning. Vi har nokre tips under her.

6.1 Lage forslag til undervisningsopplegg

Prateroboten kan lage kjappe forslag til undervisningsopplegg. Ved å gi språkmodellen eit emne eller fagområde, kan lærarar få forslag til aktivitetar, ressursar og læringsmål skreddarsydd til behovet til elevane. Dette kan spare lærarar for tid som dei elles ville brukt på å lage nye undervisningsopplegg.

Forslag til leietekst: 

Eg treng å lage eit undervisningsopplegg om emnet elektromagnetisk og ioniserande stråling for 1.klasse på vidaregåande skole. Kan du foreslå nokre aktivitetar, ressursar og læringsmål som er passande for alderen og forståingsnivået deira?

6.2 Forenkle ein vanskeleg tekst

Det er lett å få prateroboten til å lage ein forenkla tekst.

Forslag til leietekst: 

Forkort og forenkle teksten slik at elevar på vidaregåande skole forstår han. Tekst: [Lim inn teksten]

6.3 Språkstøtte

For lærarar som arbeider med elevar som lærer eit nytt språk, eller ikkje har norsk som morsmål, kan prateroboten brukast til å omsetje materiale og gi språkleg hjelp, slik at det blir enklare for desse elevane å få tilgang til og engasjere seg i undervisninga. Det er også mogleg å få ting omsett direkte ved å føye til «Svar på [språk].» på slutten av leieteksten. Dersom du lèt prateroboten omsetje eit svar direkte, kan du ikkje vera sikker på kva han har omsett, sidan du ikkje får sjå svaret på eit språk du forstår.

Forslag til leietekst: 

Kan du forenkle den følgjande teksten og omsetje han til ukrainsk? Tekst: [her limer du inn teksten] Svar på ukrainsk.

6.4 Lage supplerande materiell

Prateroboten kan generere quizar, arbeidsark, og rettleiingar basert på spesifikke emne eller læringsmål.

Forslag til leietekst: 

Kan du generere eit arbeidsark om brøk som inkluderer både visuelle og numeriske eksempel? Ver venleg og sørg for at spørsmåla inkluderer både addisjon og subtraksjon av brøker.

6.5 Utkast til e-postar, nettsider eller annan kommunikasjon

Prateroboten kan hjelpe lærarar med å utforme e-postar, nyheitsbrev og kunngjeringar meir effektivt, slik at dei kan fokusere på elevane sine i staden for å bruka tid på administrative oppgåver.

Forslag til leietekst: 

Eg treng å sende ein e-post til alle foreldra i klassen min om at vi skal ta i bruk NDLA sin praterobot i undervisninga. Kan du hjelpe meg med å lage ein e-post som er klar og tydeleg og inneheld all nødvendig informasjon?

6.6 Svare på vanlege spørsmål

Lærarar kan bruke prateroboten til å bygge ein FAQ-ressurs for elevar som kan svare på vanlege spørsmål eller bekymringar. Dette kan bidra til å redusere talet på gjentekne spørsmål lærarar må svare på, og gi meir tid til ein-til-ein-interaksjon med elevane.

Forslag til leietekst: 

Eg vil lage ein FAQ-ressurs for elevane mine som dekkjer emne som lekser, undervegsvurdering og oppmøte. Kan du gi meg svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla om desse emna?

6.7 Svare på spørsmål frå elevane

Prateroboten kan brukast til å svare på spørsmål elevane har om eit bestemt emne eller konsept. Dette kan vere spesielt nyttig for lærarar som har store klasser og kanskje ikkje har tid til å svare på kvart enkelt spørsmål frå elevane. Då må elevane ha tilgang til ein språkmodell og vite korleis dei kan bruke den.

Forslag til leietekst: 

Nokre av elevane mine slit med å forstå konseptet bak relativitetsteorien. Kan du forklare det til dei på ein enkel måte som dei kan forstå?

6.8 Skape personlege læringsopplevingar

KI kan brukast til å skapa personleg tilpassa læringsopplevingar for elevane basert på interessene og læringsstilane deira. Dette kan bidra til å halde elevane interesserte og motiverte. Kanskje elevane kan lære å gjere dette sjølve? Hugs – konkrete leietekstar gir konkrete svar!

Forslag til leietekst: 

Ein av elevane mine er veldig interesserte i idrett og sport. Kan du foreslå nokre aktivitetar og ressursar knytt til fotball som kan hjelpe dei å lære og utvikle seg innan område som matematikk, naturfag og språk?

6.9 Auka elevengasjementet

Lærarar kan bruka prateroboten til å analysere klasseromsdiskusjonar i chattar, for å identifisere mønster i korleis elevane deltar og engasjerer seg. Denne informasjonen kan hjelpe lærarar med å handtere problem og oppmuntre alle elvar til å delta meir aktivt.

Forslag til leietekst: 

Eg vil forbetre engasjementet til elevane i chatten i Teams. Kan du analysere diskusjonane vi har hatt så langt, og gi meg forslag til korleis eg kan oppmuntre til meir aktiv deltaking frå alle elevane? Chat: [Lim inn teksten frå chatten.] NB: Ikkje lim inn personleg informasjon.

6.10 Jobbe med læringsmiljøet i klassen

Lærarar kan bruka prateroboten til å få tips til korleis ein kan handtere ulike utfordringar i læringsmiljøet i klassen.

Forslag til leietekst: 

Det er to fraksjonar i klassen min som ikkje samarbeider så godt saman og ofte har konfliktar. Eg ønskjer nokre øvingar som kan bidra til at læringsmiljøet generelt blir betre i klassen, slik at desse to fraksjonane kan læra seg å samarbeida betre.