1 Forord
Overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring (vgo) er ein avgjerande periode i elevane sitt liv. Denne overgangen inneber både faglege, sosiale og emosjonelle utfordringar, og det er derfor viktig at både ungdomsskolar og vidaregåande skolar samarbeider tett for å sikre at kvar elev får ein god start.
Rettleiaren inneheld retningslinjer og tilrådingar for korleis overgangen kan handterast på best mogleg måte.
Rettleiaren er utarbeidd av arbeidsgruppa for kvalitet i PPT, og målgruppa er lærarar, rådgivarar, rektorar og PPT-rådgivarar i både ungdomsskole og vidaregåande. Samarbeidet skal bidra til at elevane føler seg trygge, motiverte og forberedd til vidaregåande opplæring.
Rektorar har hovudansvaret for å legge til rette for ein smidig overgang, og i denne rettleiaren finn de konkrete råd og tiltak som kan bli implementerte i det daglege arbeidet.
Rettleiaren er eit verktøy for å styrkje samarbeidet mellom skolane og for å sikre ein heilskapleg og individuell tilnærming til kvar elev sitt behov.
Vi håpar denne rettleiaren vil vere nyttig i arbeidet med å skapa ein god og føreseieleg overgang for elevane, og ser fram til at skulane tek ho i bruk for å fremje elevens beste.
Med venleg helsing
Møre og Romsdal fylkeskommune (arbeidsgruppe for kvalitet, PPT)