Rettleiar for ein trygg og god overgang til vidaregåande skole for ungdom med stort fråvær

4 Mål og tiltak for alle elevar

Universelle mål og tiltak er inkludert i denne rettleiaren for å gi eit overblikk over kva aktivitetar alle elevar i skolen får tilbod om, og for å synleggjere kva elevar med stort fråvær kan ha mista. 

Mål for alle elevar

  1. Eleven si stemme skal bli lagt vekt på ved innsøking til vgo
  2. Eleven skal vere forberedd på kva han møter på vgo når det gjeld oppmøte, opplæring, rettigheiter og plikter
  3. Fylkeskommunen (vgs) er forberedd på erfaringane ungdommane har med seg frå grunnskolen

4.1 Tiltak for å sikre eleven si stemme og føreseieleg overgang

Førebuingar for elevane i usk

  • (faget) utdanningsval
  • karrieredagar
  • hospitering i vgo
  • orientering til elevane om tilboda i skolane
  • rettleiing om korleis søke vgo (ordinært inntak)
  • ulike lokale tilbod, for eksempel open vgs

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • lærar usk
  • fylkeskommunen
  • rådgivar / avdelingsleiar/ andre vgs
  • rådgivar usk

Når

August - mars

Skoleoppstart

  • tiltak for gode læringsmiljø
  • VIP-makker og faste plassar
  • FuelBox/bli kjent
  • foreldremøte
  • elevsamtalar
  • utviklingssamtalar

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • lærarar
  • rådgivar
  • avdelingsleiar
  • miljørettleiar

Når

  • Aug. - mars

4.2 Tiltak for å sikre informasjonsutveksling og erfaringar

Informasjonsutveksling

  • søknad og ev. utfylling av meldeskjema

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar usk

Når

jan. - mars