Rettleiar for ein trygg og god overgang til vidaregåande skole for ungdom med stort fråvær

5 Mål og tiltak for elevar med bekymringsfullt fråvær

Elevar som ikkje har kunna delta i dei universelle tiltaka, eller sårbare elevar som for eksempel elevar med autismespektervanskar, vil ha behov for tiltak på sitt nivå, enten målretta eller intensive tiltak. 

Mål

  1. Eleven si stemme skal bli vektlagt ved innsøking til vgo
  2. Eleven skal vere forberedt på kva som møter han på skolen når det gjeld oppmøte, opplæring, rettigheiter og plikter
  3. Fylkeskommunen (vgs) skal vere forberedt på erfaringar ungdommane har med seg frå grunnskolen 

5.1 Tiltak for å sikre eleven si stemme og individuell karriererettleiing

Kva og korleis

Individuell orientering om innahald i utdanningsval og orienteringsmøte

  • Møte med elev/foreldre om utdanningsval
  • Utarbeide informasjonsmateriell

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar usk (ev. i samråd m/kontaktlærar)

Når

  • sept. - nov.
  • Eksempel frå nordmøre: Karriererettleiing og informasjonsoverføring for elevar med stort fråvær som skal søke fortrinn eller individuell vurdering innan 1. feb.

    Deltakarar: Rådgiver ITO vgs og usk samarbeider om møteplan.  I tillegg deltek PPT for usk og vgs, elev, føresette og kontaktlærar USK.

Kva og korleis

Støtte/forberede/følge elev slik at hospitering er gjennomførbart. 

  • Vurdere fleire dagar ved behov. 
  • Lærar/tilsett forbereder og følger eleven

Kven deltek

  • usk (ansvar) avtaler med vgs
  • Lærar/tilsett ved usk, med god relasjon til eleven

Når

  • okt. - des.

5.2 Tiltak for å sikre føreseieleg overgang

Kva og korleis

Bli kjent med korleis ei skoleveke ser ut på aktuelle og interessante program for eleven og «typiske» lærebedrifter som tek imot elevane på de ulike programma.

  • Informasjon gjennom utdanningsval eller eigne treffpunkt ved behov

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar usk

Når

  • okt. - des.

Kva og korleis

Trygge elev og foreldre om alternative opplæringsløp, f.eks. tilpassa løp, praksisbrev, fagkompetanse i bedrift, opplæringskontrakt

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar og PPT

Når

  • okt. - des.

Kva og korleis

Lage ein realistisk opptrappingsplan for vurdering med karakter der det er mogleg, for å forberede elev på overgang til vgo

  • jobbe saman for å vurdere eleven sin fagkompetanse

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • Kontaktlærar
  • faglærar i samarbeid med rådgivar
  • PPT i klasseråd
  • ressursteam

Når

  • etter avtale

5.3 Tiltak for sikre informasjonsutveksling og erfaringsoverføring

Kva og korleis

Fråværsføring som kartlegger mønster, avtalar, utvikling:

  • gode rutinar for føring av fråvær
  • Qlik Sense (app)

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • kontaktlærar og faglærar
  • rektorar delegerer ansvar
     

Når

Heile året

Kva og korleis

Sikre samtykke til overføring av informasjon, meldeskjema i forbindelse med innsøking til vgo:

  • Innhente samtykke frå elev og ev. foreldre 
  • Link til infoheftet?  
  • Vektlegg nyttig informasjon om både vanskar, styrker og tiltak som har fungert
     

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • kontaktlærar og falærar
  • rektorar delegerer ansvar

Når

  • heile året

Kva og korleis

Openheit om vanskar, og kva og kven som kan hjelpe eleven på vegen. 

  • Jamleg dialog i lærarråd, ressursteam
  • samtalar med elev eller føresette om vanskar og styrker
  • tiltak og evaluering av desse

Kven deltek

  • vgs (ansvar

Når

  • heile året

Kva og korleis

Inntaksmøte for elevar med fortrinnsrett

Overføringsmøte for elevar som har søkt om individuell vurdering

  • presisere at inntak ikkje er gjennomført og at informasjon blir overført til aktuell skole/avdeling dersom inntak avviker frå ønske

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • Rådgivar for ITO
  • avdelingsleiar
  • PPT vgs
  • elev
  • foreldre
  • rådgivar
  • lærar usk

Når

  • inntaksmøte: april - mai 
  • overføringsmøte: juni

Kva og korleis

Gode rutinar for informasjonsdeling til lærarar

  • Etter eleven sitt samtykke, gi aktuelle lærarar tilgang til meldeskjema om tilretteleggingsbehov og arrangere klasselærarråd

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • Avdelingsleiar vgs

Når

  • aug. - sept / fortløpande

Kva og korleis

Forutsigbar skoleoppstart

  • besøke skolen før oppstart.
  • møte kontaktlærer, sjå klasserom, plassering

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • person med god relasjon til eleven blir med på skolen

Når

  • juni - aug.

Kva og korleis

God plan og kontakt første skoledag

  • Sjekk inn på aktuelle elevar
  • legg inn små samtalar med elev gjennom første skuledag for å skape tryggheit 

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • kontaktlærar vgs
  • ev.  andre frå skolen som har etablert kontakt med eleven i forkant

Når

  • aug.

Kva og korleis

Trygt og godt læringsmiljø

  • Støtte seg til gode forskningsbaserte tiltak for gode læringsmiljø som skapar tydelege reglar og rutiner med konsekvente og varme lærarar

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • kontaktlærar og faglærar

Når

  • heile året

Kva og korleis

Samarbeidsmøte om skolenærvær  og fungering

  • Fortsette med det som fungerer og justere om det er noko som ikkje fungerer

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • avdelingsleiar
  • kontaktlærar 
  • elev
  • foreldre
  • PPT eller OT v/behov

Når

  • etter eigen plan for skolenærvær