Brev til føresette

Vi sender dette brevet til deg fordi du har ein ungdom skal begynne i vidaregåande skole. Du er viktig  for ungdommen, også når dei er i vidaregåande opplæring, og derfor ønsker vi eit godt samarbeid mellom heim og skole!

Skolen vil invitere deg til foreldremøte etter skolestart, der du får bli kjent med skolen og korleis du kan bidra. Skolen skal også velje ut representantar til skoleutvala. 

Ny opplæringslov og samarbeid med foreldra

Det viktige samarbeidet blir også understreka i den nye opplæringslova som gjeld frå og med 1.8.2024. Her står at skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven. Du vil få informasjon om fleire endringar i lova i kontakt med skolen.

Ungdommen din skal ha det trygt og godt på skolen

Skolane arbeider heile tida med at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø. Har ungdommen din hatt utfordringar på ungdomsskolen, er det spesielt viktig at skolen får informasjon om dette så tidleg som mogleg. Viss du trur eller veit at ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen, vil vi gjerne vite om det slik at vi kan hjelpe eleven. Dette gjer skolen betre i stand til å førebygge og sikre ei trygg og god tid i vidaregåande. Ta kontakt også dersom det handlar om ting som skjer på fritida, men som påverkar skolekvardagen til ungdommen din.

Du kan seie frå til ein tilsett på skolen, eller du kan varsle elektronisk. Viss du trur eller veit at det er ein frå leiinga på skolen som er grunn til at eleven ikkje har det trygt og godt, skal du varsle direkte til fylkeskommunen. Du kan også varsle Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og særleg om du opplever at du ikkje blir høyrt i ei sak.

 Trykk her for å varsle skolen elektronisk.

 Trykk her for å varsle fylkeskommunen.

 Trykk her for å varsle Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kontakt elev- og lærlingombodet viss du har spørsmål eller treng hjelp

Elev- og lærlingombodet skal ivareta elevane sine rettar, og er eit gratis tilbod til ungdom i vidaregåande opplæring. Ta kontakt med ombodet om du har spørsmål, eller treng støtte i ei sak. Du som føresett kan også kontakte ombodet ved behov.

Her finn du meir informasjon om elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.

Trygg og inkluderande russetid

Vi veit at mange ungdommar startar tidleg å planlegge russetida. Vi oppfordrar foreldre til å støtte ungdommane i arbeidet for å skape ei inkluderande feiring. Ver ein tydeleg vaksen!

Trykk  her for å finne meir informasjon om ei trygg og inkluderande feiring. 

Følg med på skolekvardagen 

På Visma InSchool (VIS) kan du finne blant anna timeplanar, fråvær og vurderingar. Du vil få informasjon om korleis du kan bruke systemet, mellom anna på skolen si nettside.

Trykk her for å få meir informasjon om Visma InSchool

Digital kontakt med eleven

Møre og Romsdal fylkeskommune sender viktig informasjon til elevane sikkert og digitalt. Alle elevar bør opprette ei digital postkasse, og du som føresett kan gjere eleven merksam på dette.

Trykk her for å få meir informasjon om digital postkasse

Hugs at du er viktig, ta del!

  • Vis ungdommen din at du involverer deg:
  • Still spørsmål, ver nysgjerrig på skolekvardagen og støtt opp om arbeidet til lærarane
  • Ta kontakt med kontaktlæraren om du har spørsmål eller viktig informasjon.
  • Hjelp ungdommen din til nok søvn, eit godt kosthald og andre gode val.
  •  Følg med på ungdommen din, og på medelevane
  • Følg med på kva som skjer i og utanfor skolen.
  • Hald deg oppdatert på kva som skjer på skolen, bruk nettsida!

 

Vi ser fram til eit godt samarbeid og ønsker ungdommen din lykke til med den vidaregåande opplæringa!

 Venleg helsing

 Kariann D. Flovikholm

kompetansesjef