Tannhelsetilbod til unge vaksne, frå 19-28 år

19-24 åringar

Frå det året du fyller 19 år, og ut det året du fyller 24 år, kan du ha rett på nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta. 

25-28 åringar

Stortinget har vedtatt at 25-28 åringar skal få nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta, i 2025. 

Kva tilbod kan du forvente å få?

Akutte problem eller nødvendig tannbehandling som ikkje bør utsettast vil bli prioritert. Ved ønske om ordinære undersøking eller behandling som ikkje hastar må ein rekna med noko ventetid.

Folkeregistrert eller midlertidig adresse

Du kan nytte tilbodet ved den offentlege klinikken der du har folkeregisteradresse. Dersom du har midlertidig adresse i fylket, eller i andre delar av landet, kan du kontakte den offentlege tannklinikken nærast der du har midlertidig adresse.